Bonnerstranda
Bonner Beach er ei lita, flat strand på sørkysten av Larsen Harbor søraust i Sør-Georgia. Det er den einaste staden i Sør-Georgia der weddellselar ynglar. Området vart kartlagt av mannskap på Discovery Investigations i 1927 og av South Georgia Survey i perioden 1951–57, og vart gjeve namn av UK Antarctic Place-Names Committee i 1957 etter William N. Bonner som var biolog i Falkland Islands Dependencies Survey og som arbeidde i Bay of Isles i 1953–55. I perioden 1956-1957 var han selfangstinspektør i Sør-Georgia.
Bonnerstranda | |||
strand | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°50′S 36°1′W / 54.833°S 36.017°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Bonnerstranda 54°50′00″S 36°01′00″W / 54.8333°S 36.0167°W | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bonnerstranda» (innhald frå Geographic Names Information System).