Boots of Spanish Leather
Boots of Spanish Leather song av Bob Dylan frå albumet The Times They Are a-Changin' | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. januar 1964 | |
Innspelt | 7. august 1963 | |
Sjanger | Vise | |
Lengd | 4:40 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | Tom Wilson |
«Boots of Spanish Leather» er ein song skriven av Bob Dylan, gjeven ut i 1964 på albumet hans The Times They Are a-Changin'.
Songen består berre av Dylan på vokal og akustisk gitar, spelt med fingerplukking. Musikalsk er songen nesten identiske til den tidlegare songen hans «Girl from the North Country».
So take heed, take heed of the western wind,
Bob Dylan
|
Teksten i «Boots of Spanish Leather» er «ein uroleg, ulukkeleg ballade for evigheita og sagaene - ei klassisk Dylan-soge om to kjærastar, eit vegkryss og det opne havet...» (Trager 80). Dei fleste kritikarar meiner songen omhandlar og kanskje var skriven til Suze Rotolo som var kjærasten til Dylan tidleg i 1960-åra, og som forlet han og reiste til Spania. Songen er skriven som ein dialog og dei første seks versa vekslar mellom mannen og kvinna. Dei siste tre versa vert fortalt av personen som vart etterlaten, truleg mannen (Dylan). I løpet av desse ni versa reiser kvinna til andre sida havet. Ho skriv og spør om mannen vil ha ei gåve, noko han ikkje vil, og seier poetisk at det berre er ho han vil ha attende. Mot slutten vert det klart at ho ikkje kjem attende og ho skriv til slutt at ho kanskje aldri kjem attende, «It depends on how I'm a-feelin'» («det kjem an på korleis eg føler»). Mannen skjøner kva som har skjedd og svarer til slutt kva gåve han vil ha: «Spanish boots of Spanish leather» («spanske støvlar av spansk lêr»).
Andre utgåver
endre«Boots of Spanish Leather» har vorte spelt av mange musikarar, som:
- Joan Baez: Any Day Now
- Sebastian Cabot: Sebastian Cabot, Actor-Bob Dylan, Poet (1967)
- Dervish: Spirit (2003)
- Dubliners: 30 Years A-Greying (1994)
- Nanci Griffith: Other Voices, Other Rooms (1993), Winter Marquee (2002), Putumayo Presents American Folk (2005)
- Richie Havens: Electric Haven (1966)
- Ida: A Tribute to Bob Dylan, Volume 3: The Times They Are A-Changin' (2000)
- Linda Mason: How Many Seas Must a White Dove Sail (1964)
- Dan McCafferty: Dan McCafferty (1975)
- Michael Moore: Jewels and Binoculars (2000)
- Seldom Scene: Scene It All (2000)
- Martin Simpson: Bootleg USA
- Martin Simpson: A Nod to Bob (2001)
- T. Duggins: T. Duggens:Undone (2006)
Svensk versjon
endreEin svensk versjon vart omsett av Mikael Wiehe som «Spanska stövlar» og innspelt av Wiehe i 1978.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Boots of Spanish Leather» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bob Dylan si offisielle side Arkivert 2006-03-22 ved Wayback Machine..
- Gray, Michael. Song & Dance Man III: The Art of Bob Dylan. Continuum, 2000.
- Trager, Oliver. Keys to the Rain: The Definitive Bob Dylan Encyclopedia. Billboard Books, 2004.
- Fresh Air from WHYY: Suze Rotolo: Of Dylan, New York and Art.
Bakgrunnsstoff
endre- Teksten Arkivert 2008-05-16 ved Wayback Machine.