Girl from the North Country
Girl from the North Country Song av Bob Dylan frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan | ||
Utgjeve | 27. mai 1963 | |
Innspelt | 24. april 1963 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Columbia Records | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan |
---|
Well, if you're travelin' in the north country fair,
Bob Dylan
|
«Girl from the North Country» (òg kjend som «Girl of the North Country»[1]) er ein song skriven av Bob Dylan. Han vart først gjeven ut i 1963 som den andre songen på albumet The Freewheelin' Bob Dylan. Dylan spelte inn songen på ny i ein duett med Johnny Cash i 1969. Denne innspelinga kom ut på Nashville Skyline. Konsertutgåve av songen finst på Real Live og The 30th Anniversary Concert Celebration.
Opphav
endreSongen vart skriven under den første reisa Dylan hadde til England i desember 1962, då han meinte han hadde det andre albumet sitt ferdig. Songen er ei hyllest til ein tidlegare kjæraste, Echo Helstrom, som Dylan kjende før han forlet New York. Dylan reiste frå England til Italia for å leite etter hans dåverande kjæraste Suze Rotolo. Ho studerte her og dette hadde ført til stor avstand i forholdet deira. Rotolo hadde reist tilbake til USA, omtrent samstundes med at Dylan kom til Italia. Her skreiv han ferdig songen, tilsynelatande inspirert av det han trudde var slutten på forholdet til Rotolo. Då han kom tilbake til New York i midten av januar overtalte han Rotolo om å kome tilbake til han. Suze Rotolo er kvinna på framsida av omslaget til albumet, arm i arm med Dylan.
Medan han var i London møtte Dylan fleire personar i det lokale visemiljøet, mellom anna den engelske visesongaren Martin Carthy. Carthy spelte mange tradisjonelle engelske balladar for Dylan, mellom anna Carthy sitt eige arrangement av «Scarborough Fair». Dylan nytta delar av melodien og teksten då han skreiv «Girl from the North Country», inkludert linja frå refrenget «Remember me to one who lives there, she once was a true love of mine».
Andre utgåver
endre- Johnny Cash og Joni Mitchell spelte songen på The Johnny Cash Show.
- Waylon Jennings spelte songen på konsertar tidleg i 1960-åra
- Hugues Aufray har spelt den franske utgåva «La fille du nord».
- Joe Cocker spelte songen i 1970 på konsertalbumet Mad Dogs and Englishmen.
- Roy Harper spelte songen på albumet Valentine i 1974.
- Rod Stewart soelte songe på albumet Smiler i 1974.
- Howard Tate spelte ei soulutgåve av songen på Howard Tate (1972).
- Tony Rice spelte ei utgåva av songen på albumet Tony Rice Plays and Sings Bluegrass
- Eels spelte songen på Eels with Strings: Live at Town Hall.
- The Black Crowes spelar ofte songen på konsertane sine.
- Link Wray & his Ray Men spelte ei utgåve av songen i 1965.
- The Waterboys har spelt inn songen.
- Eddie Vedder spelte songen fleire gonger på konsertane sine i 2008.
- Counting Crows spelte songen i Royal Hall i Dublin og på turneen deira i 2009.
- Stephen Stills spelte songen på turneen sin i 2008.
- Robert Plant spelte songen på Festival au Désert i Mali i januar 2003.
- Crosby, Stills og Nash spelte songen på turneen deira i 2009.
- Roseanne Cash spelte songen på albumet The List i 2009.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Girl from the North Country» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bob Dylan: Girl of the North Country, arkivert frå originalen 4. juli 2008, henta 17. oktober 2009
Bakgrunnsstoff
endre- Teksten på den offisielle nettsida til Bob Dylan