Opna hovudmenyen

Boris Fjodorovitsj Godunov (155213. april 1605) var tsar i Russland frå 1598 til 1605.

Boris Godunov
Boris Godunov.jpg
Verkeleg namn Бори́с Фёдорович Годуно́в
Fødd 1552 (juliansk)
Vjazma
Død

23. april 1605
Moskva

Yrke politikar, Oprichnik
Boris Godunov på Commons

Boris Godunov var Russlands regent frå 1584 til 1598, då den ueigna Fjodor I var tsar over Russland. Då Fjodor døydde i 1598 greip Boris Godunov makta og vart utnemnd til tsar, etter han hadde fått rydda Fjodor sin bror, Dmitrij, or vegen. Han var den fyrste russiske herskaren som ikkje stamma frå den mytiske kong Rurik.

Boris vart møtt med sterk motstand frå adelen, og førte etterkvart eit hardstyre. Adelen allierte seg med kongen av Polen, dermed tok den store urotida i russisk historie til i Boris siste år ved makta. Fjodor II, son til Boris Godunov, tok over som tsar i 1605, men vart styrta kort tid etter han kom til makta.

EtterrakstEndra

Diktaren Aleksandr Pusjkin skreiv i 1825 dramaet Boris Godunov, medan Modest Musorgskij nokre tiår seinare komponerte operaen Boris Godunov.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Boris Godunov