Skodespelet Boris Godunov

skodespel av Aleksandr Pusjkin

Boris Godunov er eit drama av Aleksandr Pusjkin utgjeve i 1831. Det har namn etter Boris Godunov, som var tsar i Russland frå 1598 til 1605. Handlinga er lagt til den store urotida. Stykket består av 25 scener, hovudsakleg på blankvers.

Skodespelet Boris Godunov
OriginaltittelБорис Годунов
Sjangerskodespel

Pusjkin skreiv stykket i 1824 og 1825, men fekk det fyrst gjeve ut i 1831.[1] Det var eit stykke eigna for opplesing, og blei fyrst uroppført i 1870. Sensurstyresmaktene godkjende det ikkje for framføring før i 1866. Stykket blei urframført 17. september 1870 på Mariinskij-teateret i St. Petersburg av personell frå Aleksandrinskijteateret. Den opphavlege, usensurerte teksten til Pusjkin blei første gong oppført 12. april 2007 på Princeton University i USA i engelsk omsetjing.

Pusjkin var inspirert av historikaren Nikolaj Karamzin og verka til William Shakespeare.[2] Stykket hans har to plan - eit historisk og eit psykologisk, som særleg tek for seg den tragiske skuldkjensla til tsaren.[1]

Handling endre

 
Boris Godunov og sonen hans i eit måleri av N. Nekrasov med ei scene frå stykket

Handlinga i stykket byrjar i Moskva 20. februar 1598. Den unge prinsen Dimitrij Ivanovitsj, som var tronarving, er nettopp død under mistenkelege omstende. Boris Godunov er mistenkt for å stå bak dødsfallet. Han nektar fyrst å ta imot krona, men endar opp med å godta henne, på oppfordring frå dei adelege, prestane og folket.

Handlinga flytter seg til klosteret Tsjudovo i 1603, der ein gammal munk og læresveinen hans, Gregorij, diskuterer. Sistnemnde vil flykta til Polen, og har til hensikt å framstilla seg sjølv som Dimitrij, den myrda prinsen. Han er nær ved å bli arrestert på eit vertshus, men klarer å kryssa grensa.

I Polen prøver bedragaren fyrst å flykta, men bestemmer seg for å spela rolla si til slutten for å vinna hjartet til Marina, ei vakker polsk kvinne. Han marsjerer mot Moskva for å gjera krav på trona. Opprøraren, dei polske allierte og dei tyske leigesoldatane hans overvinn fyrst russiske troppar nær Novgorod i 1604.

Tsar Boris Godunov gjenvinn snart fordelen, men sigeren hans er til ingen nytte, for han døyr med eitt. Dimitrij bedragaren blir tsar, medan familien til Boris blir myrda. I siste delen av tragedien prøver ein gut å få fram ein jubel for den nye tsaren, men folket, forferda over drapet på kona og sonen til den avdøde tsaren, er stille.

Avleidde verk endre

Operaen Boris Godunov av Modest Musorgskij byggjer på skodespelet.

Filmen Boris Godounov regissert av Sergej Bondartsjuk kom ut i 1986.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Boris Godunov | play by Pushkin», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 13. oktober 2021 
  2. The Critical Prose of Alexander Pushkin, edited and translated by Carl R. Proffer. University of Indiana Press, 1969. s. 99.

Litteratur endre

  • Martin Schulze: Alexander S. Puschkin: Boris Godunow – Dichtung und Wirklichkeit. Ullstein Buch Nr. 5006. Ullstein, Frankfurt/Main 1963.
  • Chester Dunning, Caryl Emerson, Sergei Fomichev og Lidiia Lotman: The Uncensored Boris Godunov: The Case for Pushkin's Original Comedy, with Annotated Text and Translation, Wisconsin Center for Pushkin Studies, ISBN 978-0-299-20760-1. Omsetjing av russiske tekstar ved Antony Wood.