Boris Anfijanovisj Tsjaklin (27. januar 193230. mai 2008) var ein russisk turnar frå byen Isjim som vart verdsmeister i 1958 og olympisk meister under Sommar-OL 1960. Han representerte Sovjetunionen. Tsjaklin døydde i Kyiv.

Boris Tsjaklin


Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 27. januar 1932
Isjim
Død

30. mai 2008 (76 år)
Kyiv

Idrett turn
Tok del i

gymnastics at the 1964 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – men's rings, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – men's rings, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – men's vault

Utmerkingar

Leninordenen, Arbeidets røde fanes orden, Ærestegnets orden, 3. klasse av Ukrainas fortjenstorden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Karriere

endre

Tsjaklin fekk sitt fyrste VM-gull i lagtevlinga ved Verdsmeisterskapen i turn 1954. To år seinare sikra han seg gullmedaljen i bøylehest under Sommar-OL 1956 i Melbourne, der han også fekk eit gull med det sovjetiske laget i lagkampen. I mangekampen hamna han på åttandeplass.

Turn-VM 1958 vart avvikla i Moskva gjekk Tsjaklin til topps i mangekampen, på bøylehest, i svingstang og skranke, samt i lagtevlinga. I Sommar-OL 1960 i Roma vann han fire gullmedaljar, dessutan to sølv- og ein bronsemedalje. Olympisk meister vart han i mangekamp, bøylehest, hopp og skranke.

Tsjaklin vann svingstang-øvinga under Sommar-OL 1964. Med Sovjetunionen sitt lag fekk han også ein gullmedalje i lagtevlinga, medan han vart andremann i mangekampen.

Kjelder

endre