Opna hovudmenyen
Boris the Spider
Singel av The Who
frå albumet A Quick One
A-side Whiskey Man
Utgjeve 1966 (album) / 1967 (japansk b-side)
Innspelt 1966
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 2:29
Låtskrivar(ar) John Entwistle

«Boris the Spider» er ein song skriven av bassisten i The Who, John Entwistle. Songen er det andre sporet på albumet deira A Quick One frå 1966. Det vert hevda at dette er den første songen Entwistle skreiv, men «Whiskey Man» vart skriven tidlegare. Pete Townshend fortalte Entwistle at han trong ein song til for albumet. Entwistle gjekk så heim og skriv denne songen om ein edderkopp. Songen vart eit fast innslag på konsertane deira. Sjølv om songen vart populæra vart han aldri gjeve ut på singel i USA eller Storbritannia, men hamna som b-side på singelen «Whiskey Man» i Japan i 1967.

Look, he's crawling up my wall
Black and hairy, very small
Now he's up above my head
Hanging by a little thread

John Entwistle

«Boris the Spider» vart skriven etter at Entwistle hadde vore ute og drukke med bassisten i Rolling Stones, Bill Wyman. Dei kom opp med morosame namn på dyr då Entwistle kom på «Boris the Spider». På refrenget syng Entwistle tittelen med ein vokalstil som ligg tett opp til vokalstilen nytta i death metal.

Songen er ein av tre «barnslege» songar av Entwistle. Dei to andre er «Silas Stingy» frå The Who Sell Out og «Dr. Jekyll and Mr. Hyde» (B-side til «Magic Bus» og «Call Me Lightning»).