Magic Bus
Singel av The Who
frå albumet Magic Bus: The Who on Tour
B-side
Språk engelsk
Utgjeve 11. oktober 1968[1]
Innspelt 29. mai 1968
Studio Advision, London
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 3:15
Selskap
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Kit Lambert
Britisk The Who-kronologi 
«Call Me Lightning»
(1968)
Magic Bus «Pinball Wizard»
(1969)


«Magic Bus» er ein song av The Who frå 1968. Han er ein av dei mest populære songane til bandet og har vore eit fast innslag på konsertane deira. Songen vart skriven av Pete Townshend rundt My Generation, men vart ikkje gjeven ut før samlealbumet Magic Bus: The Who on Tour. Songen nådde 26. plass på den britiske singellista og 25. plass i USA.[2]

I store delar av songen vert det nytta claves.

Bakgrunn endre

Songen vert vanlegvis framført som ein duett, der «passasjeren» tar bussen kvar dag for å vitje jenta si. I songen ber han «sjåføren» om han kan kjøpe bussen frå han, og sjåføren svarar først nei. Etter å ha pruta ei stund gjev til slutt sjåføren frå seg bussen og lover å køyre han heim til kjærasten kvar dag.

Konsertframføringar endre

Songen vart først framført i 1968 og var eit fast innslag på konsertane til The Who frå 1971 til 1976. Frå 1979 vart songen spelt sjeldnare. Konsertutgåvene av songen er ofte ein lang improvisasjon som er mykje lenger enn originalutgåva.

Ein av dei mest kjende framføringane finst på Live at Leeds.[3] Denne utgåva er nesten åtte minuttar lang med Roger Daltrey på munnspel, Townshend på eit funky Bo Diddley-riff og med Keith Moon på trommer. John Entwistle fortalte på DVD-en 30 Years of Maximum R&B at han alltid mislikte å spele songen, fordi han berre spelar på den same noten gjennom heile songen.

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1968) Plassering
Canada RPM[4] 6
New Zealand (Listener)[5] 13
Storbritannia 26
U.S. Billboard Hot 100 25
U.S. Cash Box Top 100[6] 10

Årslister endre

Liste (1968) Plassering
Canada[7] 75
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)[8] 186
U.S. Cash Box[9] 84

Kjelder endre

  1. «Magic Bus». thewho.com. Henta 21. september 2019. 
  2. Who Discography av Ed Hanel, inkludert i heftet til boksen Thirty Years of Maximum R&B
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. september 2011, henta 28. juni 2009 
  4. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 21. september 2019. 
  5. «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 21. september 2019. 
  6. «Archived copy». Arkivert frå originalen 10. juli 2015. Henta 10. juli 2015. 
  7. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 21. september 2019. 
  8. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  9. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 24. mai 2016.