Borkspade er ein skogsreiskap som vert nytta for å barka tømmer ved hogst. Tidlegare, då ein nytta hest for å køyra fram tømmeret, var det vanleg å barka det i samband med felling og kvisting. Tømmeret gleid då lettare på snøen og vart lettare å dra for hestane, slik at ein kunne køyra større lass. Det førte òg til at tømmeret turka fortare og det hindra at borkbiller gjorde skade på tømmeret. Tømmeret er lettast å barka når sevja stig. Om vinteren når borken er frosen kan borking verta hardt arbeid.

Borkespade i bruk.

Borkspadar har eit langt skaft av tre. På enden av skaftet var det ei kule, som førte til at ein fekk betre tak på spaden når han vart støytt framover. Det var òg vanleg med ei kule på skaftet litt ovanføre bladet, for at borken skulle verta ført bort frå hendene[1].

I Noreg vart det vanleg å nytta borkespade rundt år 1900. Før det vart det nytta ei øks med breitt blad. Innføringa av borkespaden letta arbeidet og førte til at barkinga gjekk snøggare. Men framleis utgjorde barkinga om lag halvparten av tida det to å felle, kvista og barke eit tre[2][3]. Tidsforbruket varierte etter kor mykje kvist det var på trea og etter årstida. I sevjetida var det lett å barka, men om vinteren, når borken var frosen, gjekk det mykje seinare.

Borkspadar vert òg nytta til andre oppgåver, som å hugga hol i isen i samband med isfiske.

Galleri endre

Referansar endre

  1. Thorseth, L., Årringer - Skogbygda Trysil, 2014.
  2. Samset, I., Fra muskler til maskiner i skogen, Norsk skogmuseum, 2008.
  3. Sporrong, B., Från yxa till enmansmotorsåg - mekanisering i nordiska skogar 1850 till 1950, Habo, 2013

Sjå òg endre