Borre prestegard
59°23′01″N 10°27′49″E / 59.38348°N 10.46360°E
Borre prestegard ligg nordaust for Borre kyrkje i Horten kommune. Prestegarden og middelalderkyrkja på Borre ligg rett opp for Borrehaugane. Det meste av Borrehaugane ligg på det som var prestegarden sin grunn.
Tunet består av hovudbygning med sidefløy, ein stor driftsbygning og eit par uthus. Hovudhuset er eit toetasjes laftebygg med ståande panel og symmetrisk utforma langfasadar. Forpaktarbustaden er bygd i vinkel på hovudbygningen og er truleg frå same tid. Desse skal vere oppførte i 1769–70, medan Søren Sigvart var sokneprest i Borre. Prestegarden, og særleg forpaktarbustaden, har vore gjennom store endringar, og dei har vorte restaurerte dei seinare åra. Prestebustaden (hovudhuset) stod ferdig høsten 1999 og forpaktarbustaden (sidebygningen) i 2010. Hovudbygning med sidefløy vart freda i 1991.
Borre prestegard er eigd av Opplysningsvesenets fond.
Kjelder
endre- Gunnar Birkeland og Sigrunn Nerdal, red. (2015). «88 Borre prestegard». Prestegårder i Norge – et utvalg. Opplysningsvesenets fond. s. 75–76.
- Opplysningsvesenets fond: Borre prestebolig
Bakgrunnsstoff
endre- Vestfold kommune: Borre Arkivert 2018-09-10 ved Wayback Machine.
- Borre prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren