Horten kommune

kommune i Noreg

Horten er ein bykommune i Vestfold og Telemark som ligg mellom Holmestrand i nord, og Tønsberg i sør.

Horten kommune
kommune
Norwegian Naval Museum Horten.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold
Adm.senter Horten
Areal 70,96 km²
 - land 69,11 km²
 - vatn 1,85 km²
Folketal 27 682 (1. januar 2023)
Målform bokmål
Ordførar Are Karlsen (Ap)
Kommunenr. 3801
Kart
Horten
59°25′15″ N 10°25′58″ E
NO 3801 Horten.svg
Wikimedia Commons: Horten, Norway
Nettstad: www.horten.kommune.no

GeografiEndra

Kommunen har rundt 40 km kystline mot Oslofjorden, med kyststi og fleire store friområde. Han inkluderer tettstadane Horten, Borre, Nykirke, Åsgårdstrand og Skoppum.

Kommunane Borre og Åsgårdstrand blei slått saman i 1965. Borre og Horten kommunar blei slått saman i 1988. Fram til 1. juni 2002 heitte kommunen Borre.

HistorieEndra

Det er funne spor i kommunen etter busetjingar heilt tilbake til steinalderen. Borrehaugane ber vitne om at kommunen var eit maktsenter i vikingtida.

Frå 1582 var Horten ferjestad mellom Horten og Moss.

Byvåpenet til Horten var det fyrste byvåpenet kong Håkon VII godkjente. Det skjedde i 1907.

KulturEndra

UtdanningEndra

Universitetet i Søraust-Noreg sin Campus Vestfold, tidlegare Høgskolen i Vestfold ligg på Bakkenteigen, midtvegs mellom Åsgårdstrand og Horten by. Utdanningstaden har eit tett samarbeid med fleire av elektronikkbedriftene i kommunen, og med Befalsskulen for Sjøforsvaret som ligg i Horten by.

KyrkjerEndra

Det finst fleire kyrkjer i kommunen, mellom anna Løvøykapellet frå mellomalderen og Horten kyrkje.

IdrettEndra

Fotballklubbane Ørn-Horten og Falk kjem frå Horten.

Kjende hortensararEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Vestfold og Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.