Borreslekta
Borreslekta (Arctium) er ei planteslekt i korgplantefamilien. Plantane i slekta store og grove med store, breie blad og raude blomstrar. Korgene er kulerunde, korgdekkblada endar i ein skarp krokspiss. Når fruktene er modne, har korgene lett for å huka seg fast i dyr og menneske som går forbi, og på denne måten blir plantane spreidde.[1]
Borreslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Carduoideae |
Stamme: | Cynareae |
Slekt: | Borreslekta Arctium L., 1753 |
Slekt omfattar 5 artar. 4 av dei er funne i Noreg. Dei er særs nærstående og dannar ofte hybridar med kvarandre. Vanlegast er småborre, andre artar er storborre, skuggeborre og ullborre.[1]
Røttne av borre har før spelt ei stor rolle i folkemedisinen som middel mot ulike typar sjukdommar, særleg skulle dei hjelpa godt mot håravfall.[1]
Borre har mange norsk dialektnamn, som klengja og kåteblom (Telemark), kleikj (Innherred), klunge (Vest-Agder), luseblad (Sunnmøre og Nordfjord) og lungegras (Vest-Agder).[1]
Sjå òg
endreKjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- (no) Borreslekta hos Artsdatabanken
- (en) Borreslekta i Encyclopedia of Life
- (en) Borreslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Borreslekta hos Dyntaxa
- (en) Borreslekta hos ITIS
- (en) Borreslekta hos NCBI
- (en) Borreslekta hos The International Plant Names Index
- (en) Borreslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Arctium – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Arctium – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Arctium – detaljert informasjon på Wikispecies