Boscoreale
kommune i Italia
Boscoreale er ein by og ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia. Kommunen, som ligg på sørskråninga av Vesuv, har vel 28 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 11,3 km². Næringslivet i kommunen omfattar både frukt- og vingardar, og for produksjon av lavastein.
Boscoreale | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Areal | 11,35 km² | ||
Folketal | 25 939 (1. januar 2023)[1] | ||
Boscoreale 40°46′30″N 14°28′30″E / 40.775°N 14.475°E | |||
Wikimedia Commons: Boscoreale |
Staden ligg ein kilometer nord for Pompeii, og vart til liks med denne og Herculaneum og Stabiae dekt av oske under vulkanutbrotet i år 77. Frå slutten av 1800-talet vart det romerske Boscoreale grave fram, der ein gjorde store myntfunn i 1895 og avdekte fleire rikt freskodekorerte villaer som hadde vore i eiga til det høgste romerske aristokratiet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Boscoreale» frå Wikipedia på tysk, den 8. juni 2015.