Both Sides Now
- Denne artikkelen handlar om albumet. For songen med same namn, sjå Both Sides, Now.
Both Sides Now Studioalbum av Joni Mitchell | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. februar 2000 | |
Innspelt | 1999 | |
Studio | Air Studios, Hampstead, London, Storbritannia; Ocean Way, Los Angeles | |
Sjanger | Pop, rock, jazz[1] | |
Lengd | 51:29 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Joni Mitchell, Larry Klein | |
Joni Mitchell-kronologi | ||
---|---|---|
Taming the Tiger (1998) |
Both Sides Now | Travelogue (2002)
|
Both Sides Now er eit konseptalbum av Joni Mitchell frå 2000. Det er det 17. albumet hennar og vann ho to Grammyprisar for beste tradisjonelle popalbum med vokal og beste instrumentale akkompagnement for vokal for songen «Both Sides, Now». Det vann òg ein Juno Award for årets vokaljazz-album.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | A−[2] |
Rolling Stone | [3] |
Encyclopedia of Popular Music | [4] |
Albumet går gjennom eit moderne kjærleiksforhold via Mitchell sine orkesterutgåver av klassiske jazzsongar. To av Mitchell sine eigne songar er òg med på albumet, «A Case of You» (1971) og «Both Sides, Now» (1969). Orkesteret vart arrangert og dirigert av Vince Mendoza.
I teksten til plateomslaget skildrar medprodusent Larry Klein albumet som ein «program-suite som dokumenterer eit forhold frå den første flørten gjennom optimistisk fullbyrding, overgangen til desillusjon, ironisk fortviling, og til slutt oppløysing i den filosofiske oversikta av erkjenning og sannsynet for at syklusen gjentek seg sjølv»
På konsertturneen som følgde albumet, spelte Mitchell songane i same rekkefølgje, men opna med ein overture, «Nuages», den første satsen frå Nocturnes, ein orkestersuite komponert av den franske komponisten Claude Debussy. «Nuages» er eit fransk ord for «skyer». Musikken gjev ei romantisk stemning, men suiten kan òg reknast som eit smart ordspel, sidan «Clouds» (skyer) òg er namnet på albumet som songen «Both Sides, Now» opphavleg kom ut på.
Både albumet og tittelsongen vert spelt i filmen Love Actually (2003).
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «You're My Thrill» (Sidney Clare, Jay Gorney) | 03:52 |
2. | «At Last» (Mack Gordon, Harry Warren) | 04:28 |
3. | «Comes Love» (Lew Brown, Sam H. Stept, Charles Tobias) | 04:29 |
4. | «You've Changed» (Bill Carey, Carl Fischer) | 05:00 |
5. | «Answer Me, My Love» (Fred Rauch, Carl Sigman, Gerhard Winkler) | 03:23 |
6. | «A Case of You» (Joni Mitchell) | 05:52 |
7. | «Don't Go to Strangers» (Redd Evans, Arthur Kent, David Mann) | 04:10 |
8. | «Sometimes I'm Happy» (Irving Caesar, Clifford Grey, Vincent Youmans) | 03:58 |
9. | «Don't Worry 'Bout Me» (Rube Bloom, Ted Koehler) | 03:49 |
10. | «Stormy Weather» (Harold Arlen, Ted Koehler) | 03:07 |
11. | «I Wish I Were i Love Again» (Lorenz Hart, Richard Rodgers) | 03:36 |
12. | «Both Sides, Now» (Joni Mitchell) | 05:45 |
Medverkande
endre- Joni Mitchell – vokal
- Mark Isham – trompet
- Richard Henry – basstrombone
- Dave Stewart – basstrombone
- Owen Slade – tuba
- Wayne Shorter – sopran- og tenorsaksofon
- Skaila Kanga – harpe
- Herbie Hancock – piano
- David Arch – piano
- Chuck Berghofer – bassgitar
- Mike Brittain – bassgitar
- Mary Scully – bassgitar
- Chris Laurence – kontrabass
- Peter Erskine – trommer
- Frank Ricotti – perkusjon
- Andrew Findon – fløyte
- Helen Keen – fløyte
- Jamie Talbot – fløyte, altfløyte, klarinett, altsaksofon
- Philip Todd – fløyte, altfløyte, klarinett
- Stan Sulzmann – fløyte, klarinett
- Nicholas Bucknall – klarinett
- John Anderson – obo
- Sue Bohling – obo, engelsk horn
- Anthony Pike – klarinett, bass klarinett
- Iain Dixon – klarinett, bass klarinett
- Julie Andrews – fagott
- Gavin McNaughton – fagott
- Richard Skinner – kontrafagott
- Andy Crowley, Derek Watkins, Gerard Presencer, John Barclay, Steve Sidwell – trompet
- Hugh Seenan, John Pigneguy, Michael Thompson, Nigel Black, Paul Gardham, Philip Eastop, Richard Watkins – valthorn
- Neil Sidwell, Pete Beachill, Peter Davies, Richard Edwards – trombone
- Antonia Fuchs, Ben Cruft, Boguslaw Kostecki, Cathy Thompson, Chris Tombling, David Woodcock, Dermot Crehan, Everton Nelson, Godfrey Salmon, Jackie Shave, Jim McLeod, Jonathan Strange, Julian Leaper, Katherine Shave, Maciej Rakowski, Matthew Scrivener, Michael McMenemy, Patrick Kiernan, Perry Montague-Mason, Peter Oxer, Rebecca Hirsch, Rita Manning, Roger Garland, Simon Fischer, Vaughn Armon, Warren Zielinski, Wilf Gibson – fiolin
- Bill Benham, Bruce White, Catherine Bradshaw, Donald McVay, Ivo Van Der Werff, Katie Wilkinson, Peter Lale, Rachel Bolt – bratsj
- Anthony Pleeth, Davd Daniels, Frank Schaefer, Helen Liebmann, Martin Loveday, Paul Kegg, Tony Lewis – cello
- Gavyn Wright – konsertmeister, fiolin
- Vince Mendoza – arrangør, dirigent
- Gordon Jenkins – arrangør, dirigent på «Stormy Weather»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Both Sides Now (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2011.
- ↑ 1,0 1,1 Ruhlmann, W. «Both Sides Now». allmusic.com. Henta 10. juli 2021.
- ↑ Christgau, R. «Robert Christgau: CG: joni mitchell». robertchristgau.com. Henta 10. juli 2021.
- ↑ Moon, Tom. «Joni Mitchell: Both Sides Now : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 24. januar 2009. Henta 10. juli 2021.
- ↑ Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734.