Bothy-balladar

(Omdirigert frå Bothy-ballade)

Bothy-balladar er skotske folkesongar som er blitt sungne av landarbeidarar i Nordaust-Skottland.

Bothyar er enkle bygningar som blei nytta på gardar til å husa ugift gardsarbeidarar, ofte i tronge og enkle kår.[1] Om kveldane kunne desse arbeidarane synga balladane som underhaldning. Musikkgrupper knytte til denne tradisjonen er kjende som bothy band. Nokre songar frå Child Ballads, som var døydde ut andre stader i Storbritannia, overlevde til 1920-talet i desse tilhøva. Det var eit mannsmiljø, og nokre av songane er obskøne. Dei kunne lovprisa pløyarar som elskarar («The Plooman Laddies», «My Darling Ploughman Boy»).

Frå landsbyområda rundt Aberdeen kjem mange satiriske songar som er kritiske mot arbeidsvilkåra.[2] Den best kjende er «The Barnyards of Delgaty» (eit ordspel på «The Barren Yirds o Delgaty»). Songane kan oppgje og spotta namn på verkelege bønder, tilsynsmenn og gardar. Det finst andre satiriske åtak i «Rhynie», «The Guise O Tough» og «Harrowing Time». «The Bogheid Crew» er i motsetnad til desse ei feiring av det gode arbeidet utført av arbeidarane, som blir namngjevne kvar og ein. Nokre av songane lovprisar landsbygda, som «Where The Gadie Rins», «Bonny Udny» og «Arlin's Fine Braes».


Nokre songar fortel om elskande i ulike samfunnsklassar. Den best kjende er «The Knight and the Shepherd's Daughter» (Child Ballad 110), som Steeleye Span spelte inn som «Royal Forrester». «The Laird o Dainty Doonby» er ein annan. I 1951 song Davie Stewart denne songen for den amerikanske samlaren Alan Lomax. Han er ein variant av ein song som blei gjeven ut av David Herd i 1776, i Ancient and Modern Scottish Songs.

Soldatar frå Highland-regimenta enda av og til opp som arbeidarar som budde i bothyar. Nokre balladar handlar om møte mellom soldatar og uskyldige ungjenter. «The Trooper and the Maid» (Child Ballad 299) er ein av dei. Den mest kjende av dei alle er «The Bonnie Lass o' Fyvie» (Pretty Peggy-O), som er blitt spelt inn av Simon og Garfunkel og mange andre. «The Forfar Sodger» handlar om Den spanske sjølvstendekrigen (1808-1814) og blei samla inn så sent som i 1951.

Innspelingar

endre
  • Bothy Ballads of Scotland av Ewan MacColl (1961)
  • The Five Yokels — Bothy Nichts Volume 1 (c 1966)
  • The Angus Cronies — Bothy Nichts Volume 2 (c 1966)
  • Scottish Tradition 1 - Bothy Ballads: Music From the North East
  • Songs From Aberdeenshire (John Strachan, 2001)
  • 1951 Edinburgh People's Festival Ceilidh (2006) (various artists)
  • Go On, Another Song (Davie Stewart) (ca. 1970)
  • Two Gentlemen of the Road (Jimmy MacBeath og Davie Stewart, 2002)
  • Wild Rover No More (Jimmy MacBeath, 1967)
  • There is a Man Upon a Farm - The Voice of the People vol 20 (1998)
  • In Freenship's Name (Gordeanna McCulloch, 1997)

Kjelder

endre
  1. Wollstadt, Lynn Marie (2001). Women and Ballads and Ballad Women: Gender and the History of Scottish Balladry (på engelsk). University of California, Davis. s. 87. 
  2. Buchan, David (11 February 2015). The Ballad and the Folk (RLE Folklore) (på engelsk). Routledge. s. 264. ISBN 978-1-317-55290-1. Henta 30 March 2021.