Bowling er ein sport der spelarane kastar ei kule langs et golv for å felle så mange kjegler eller pinnar som mogleg. Spelet kan ha røter heilt frå det gamle Egypt. Det er ulike former for bowling, og den mest kjente er den der det er 10 kjegler og ein 60-fots parkettbane. Denne forma, som er synonym med bowling når ikkje anna er spesifisert, blir spelt over heile verda. I Noreg er bowling ganske vanleg og mange, både familiar og kompisgjengar, går ut på byen og «bowlar».

Ein bowlingbane.
På kveldane får denne bowlinghallen eit discotema og bowlinga blir ein stad for fest og moro.

Bowling er vanlegvis ein individuell sport der fleire utøvarar kjemper mot kvarandre, men kan også vere ein lagsport.

Historie endre

Nokre historiske funn tilseier at bowling kan vere frå Egypt omkring 3200 f.Kr., medan andre meiner denne sporten er frå Tyskland på 300-talet. Den første skrivne referansen til bowling er at Kong Edvard III av England nekta troppene sine å bowle på 1300-talet, sjølv hadde han ein eigen bowlingbane. Ein annan bowlinginteressert var Martin Luther, som ofte spelte bowling. I ein gammal tale, som av historikarar blir sett som truverdig, blir det fortalt at sir Francis Drake vart forsinka i eit motangrep mot den spanske armadaen fordi han måtte avslutte ein runde bowling.[1]

Opphavleg var det eigne folk til å sette ut kjeglene, men i 1952 vart det funnen opp ein maskin for dette arbeidet. Dette førte til mindre sløsing av tid og sporten vart meir populær.

I Noreg endre

Den første bowlingbanen i Noreg kom i 1960 i Bergen etterfølgt av Oslo i 1961. Populariteten steig rundt slutten av 90-talet. I 2002 nærma Noreg seg 100 hallar. Dei to største bowlingkjedene er Bowling1 og Metro Bowling med 23 og 8 hallar i Noreg.

Bowling og religion endre

Kyrkja har alltid vore staden for sosiale hendingar og også bowling. I den germanske historia var bowling brukt i ei rad religiøse samanhengar. Mellom anna for å få syndstilgjeving. Den var avhengig av om han trefte kjeglene med ein stein eller ikkje. Trefte han ikkje, vart han fordømt av presten.[2]

I dag kan ein finne bowlingbanar i kjellaren av kyrkjene i til dømes USA.

Reglar endre

Dei første standardiserte reglane vart etablert 9. september 1895, det same året som Den amerikanske bowlingkongressen. Reglane er seinare endra ved fleire høve, mellom anna i samband med innføring av automatiske kjeglereisarar. Det følgjande er basert på gjeldande regelverk fastsett av dei amerikanske og britiske forbunda.

Poeng endre

I korte trekk går spelet ut på at du får to forsøk på å felle 10 kjegler ved å kaste ei kule langs bowlingbanen, så blir kjeglene røyst på nytt, og dette blir gjort 10 gonger. Kvar kjeglereising blir gjerne kalla ei rute, fordi poeng blir ført i eit skjema med 10 ruter. Poeng blir utdelt slik:

  • Dersom alle kjeglene blir felt på første kast, blir det kalla strike ([straik]), som gjev 10 poeng pluss bonus for dei to neste kasta. Ved strike er ruta vanlegvis ferdig etter det eine kastet. Dersom ein får strike i tiande rute, blir det to ekstra kast for å få den riktige bonusen.
  • Dersom alle kjeglene blir felt i løpet av to kast, blir det kalla spare ([spér]), som gjev 10 poeng pluss bonus for det neste kastet. Ved spare i tiande rute blir det eitt ekstra kast for å få bonusen.
  • Dersom ikkje alle kjeglene blir felt på to kast, blir det eitt poeng per felt kjegle. Dette gjev ikkje bonus.
Spelarnamn 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Serie Sum
Ole 9 / 9 / 9 / 9 - X 8 1 9 / 9 - 7 2 9 / 9 150 150
19 38 57 66 85 94 113 122 131 150
Per 9 / 8 - 8 1 9 / 3 5 6 3 9 / 8 / X 9 - 131 281
18 26 35 48 56 65 83 103 122 131
Janne 9 / X 9 / 8 / 8 - 8 / X X 6 / X X X 200 481
20 40 58 76 84 104 130 150 170 200

Maksimalt resultat i ein serie er 300 poeng, som ein når ved 10 strike etter kvarandre og 2 ekstra strike i bonuskasta i tiande rute. Døme på nokre seriar finst i skjemaet til høgre, der spare er markert med / og strike med X.

Bane og utstyr endre

Bane

Banen er 60 fot (18,28 m) lang frå overtrampslina til første kjegle, og breidda er 42 tommer (107 cm) fordelt på 39 parkettstavar. Stavane blir brukt for å velje utgangsposisjon og siktepunkt. Det meste av banen er sett inn med eit tynt lag olje, men de siste par metrane er uten olje slik at eventuell skru i kula får effekt. Langs kvar kant av banen er ei kulerenne som fangar opp kula om ho triller av banen – «å kaste i renna».

Kjegler

Kjeglene er 15 tommar høge (38,48 cm) og ca. 4,7 tommar breie (11,4 cm) på det punktet der kula treffer, dvs. 10-11 cm over golvet. Tyngda er 3,25–3,625 pund (1,47–1,64 kg), men innanfor kvart sett av 10 kjegler er det strengare krav til variasjonen. Kjeglene er plassert i eit trekanta mønster av 4 rader med 1, 2, 3 og 4 kjegler rekna frå framsida. Avstanden mellom kjeglene i ei rad er litt mindre enn kulediameteren.

Kule

Til konkurransebruk må kula vere laga av fast materiale med vekta fordelt jamt, vekta må ikkje overstige 16 pund (7,26 kg), og omkrinsen må ikkje overstige 2,25 fot (68,6 cm), dvs. ein diameter på 21,8 cm. Overflata må vere jamn bortsett frå fingerhola som blir nytta til å halde ballen og ujamnheiter etter ordinær slitasje. Til treningsformål kan ein bruke kuler som ikkje fyller desse krava.

Sko

Sko må ikkje sette merke på banen; elles er det ingen bestemte krav til sko. Det er vanleg å bruke spesielle bowlingsko, mellom anna for å få standfoten til å skli det siste steget. For ikkje å skilje mellom høgre- og venstrehendte eller kva gangart dei einskilde spelarane bruker, har utleigesko sklisolar på begge sider.

Er det ein sport? endre

Det er ein diskusjon om bowling er ein sport eller ei. I bowling treng du god koordinasjon, presisjon og tilstrekkeleg teknikk for å lykkast. Derimot; til liks med golf, spring ein ikkje i bowling. Dei som er profesjonelle bowlarar vil likevel kalle bowling ein sport. Mange driv kondisjon og styrke for å gjere det betre i sporten. I konkurranse kan ein utøver kome opp i 17 kamper pr. dag.

Kjelder endre

  1. Bowlinens historie, Norges Bowlingforbund, arkivert frå originalen 15. januar 2008, henta 17. oktober 2009 
  2. Bowlingens historie, Norges Bowlingforbund, arkivert frå originalen 15. januar 2008, henta 17. oktober 2009 

Bakgrunnsstoff endre