Boxwork er eit forvitringsfenomen ein kan sjå som eit rektangulært mønster (boksar) av tynne minerallamellar, gjerne kalkspat, som stikk ut frå forvitra kalksteinsoverflater.

Boxwork i Wind Cave i Hot Springs i Sør-Dakota.

Boxwork er mest vanleg i grotter, og lamellane kan stikke fleire desimeter ut frå fjellveggen. Det blir danna ved at tynne sprekker fyllast med mineral som ved seinare forvitring er meir motstandsdyktige enn bergartane rundt. Sprekkefyllingane blir dermed ståande ut i relieff.

Kjelder endre

  • Boxwork. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/boxwork.