Kalsitt

(Omdirigert frå Kalkspat)

Kalsitt eller kalkspat er eit mineral som består av kalsiumkarbonat, CaCO3. Det er eit av dei vanlegaste minerala i jordskorpa.[5] Under den kjemiske formelen inngår òg aragonitt. Kalsitt kan vere bergartsdannande og vert då kalla kalkstein eller marmor. Han finst i organismar med kalkskal som til dømes muslingar, korallar, foraminiferar og trilobittar. Kalsitt er eit vanlig mineral og er fargelaust, eller farga av ureinleikar. Skalenoedriske, romboedriske og prismatiske former opptrer i kombinasjonar. Det har ein seksida avsluttande pyramideform. Krystallar opptrer med breie, flate ender, eller med lange tynne spissar. Kalsitt er ofte korna eller massiv. Det er ein bestanddel i kalksteinsmarmorar og andre sedimentære og metamorfe førekomstar, og det finst i hydrotermale gangar og magmatiske bergartar.

Kalsitt

Kalsittrombe som syner dobbeltbryting
Generelt
KategoriKarbonatmineral
Kjemisk formelCaCO3
Strunz-klassifisering05.AB.05
KrystallsymmetriTrigonal 32/m
Einingscellea = 4.9896(2) Å, c = 17.0610(11) Å; Z=6
Identifikasjon
Fargefargelaus eller kvit, òg grå, gul, grøn,
KrystallformKrystallinsk, korna, stalkittisk, konkresjonar, massiv, romboedrisk.
KrystallsystemTrigonal heksagonal ulikesida (32/m), Romgruppe (R3 2/c)
TvillingVanleg av firetvilling-lova
Kløyvperfekt på [1011] tre retningar med vinkel 74° 55'[4]
BrotMuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3 (definerande mineral)
Glansglasaktig til perleaktig på kløyvflater
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt2.71
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-)
Brytingsindeksnω = 1.640 – 1.660 nε = 1.486
Dobbeltbrytingδ = 0.154 – 0.174
OppløyselegheitOppløyseleg in fortynna syrer
Andre eigenskaparKan fluorescere raud, blå, gul og andre fargar under anten kortbølgja eller langbøjga UV-stråling. Fosforescerande
Kjelder[1][2][3]

Dobbeltbrytning endre

Dobbeltbrytning kan lett observerast i vassklåre spaltestykke av kalsittkrystallar, som kalles dobbeltspat eller islandsspat. Lys som passerer gjennom desse vil bli spalta i to stråler. Dette inneber at ein kan sjå eit dobbeltbilete av ein lekam, når ein ser den gjennom spaltestykket. Kalsitt viser denne dobbeltbrytninga særskild godt. Dobbelbrytninga vart oppdaga i 1669 av den danske fysikeren Erasmus Bartholin i kalsitt frå Island.[6][7]

Bruk endre

  • Kalkstein med høgt innhald av kalsitt vert nytta til å framstille kalk og sement.
  • Vassklåre spaltestykke med dobbeltbrytande effekt kan nyttast i optiske instrumenter.[8]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Mineral Data Publishers
  2. Calcite at Mindat
  3. Calcite at Webmineral
  4. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Jr., Manual of Mineralogi, Wiley, 20th, 1985, p. 329 ISBN 0-471-80580-7
  5. Most abundant mineals The Lithosphere: Earth's Crust.By Gregory L. Vogt.Twenty-First Century Books, 2007.ISBN 0761328386, 9780761328384
  6. Dobbeltbrytning[daud lenkje] Store Norske Leksikon
  7. "Erasmus Bartholin." Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 23 Mar. 2009
  8. Dobbeltspat[daud lenkje] Store Norske Leksikon

Bakgrunnsstoff endre