Brødrene Dal og legenden om Atlant-is

Brødrene Dal og legenden om Atlant-is er ein TV-serie frå 1994 og den tredje av seriane om Brødrene Dal. Regissør var Kalle Fürst.

Brødrene Dal og legenden om Atlant-is
Typefjernsynsserie
SjangerKomedie/Eventyr
OpphavslandNoreg
ProduksjonslandNoreg
Utgjevingsår1994
Episodar12
Lengd20 min. (per episode)
SpråkNorsk
SkaparKLM
ManusTrond Kirkvaag
Knut Lystad
Lars Mjøen
RegiKalle Fürst
KlippTrond Nystedt
ProduksjonsleiarSusanne Lavik
FotoSnorre Solfjeld
HovudrolleTrond Kirkvaag
Knut Lystad
Lars Mjøen
Biletformat4:3

Serien byrjar i Oslo der brørne Dal nett har fått tildelt Nobels fredspris. Plutseleg mister dei tre brørne kontrollen over seg sjølve og blir sogne ut av bygningen og inn i eit tog av det som kan verke å vere ei høgare kraft. Toget bringer dei til isaudet i Sameland, der dei møter ein mystisk sjaman. Sjamanen forklarer at han har påkalla brørne til Sameland på grunn av «Irka», ei urgammal heilag krukke. Krukka, som vart redda frå den heilage byen åt samane, Atlant-is, før byen søkkte og forsvann i isen for over 4000 år sidan, har vorte stolen. Sjamanen håpar at brørne Dal kan hjelpe å bringe krukka attende og brørne tilbyr seg straks å hjelpe til. Medan brørne Dal søkjer etter kvar Irka kan ha vorte av, viklar dei seg inn i ein veksande floke av pottemakeri, snøgranskingar, skjulte identitetar, eksplosjonar, spøkjelsesaktige munkar, falskneri og stadig veksande løgner.[1]

Serien var vist på NRK hausten 1994.

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra