Sameland (nordsamisk: Sápmi eller Sámeednan, historisk òg kalla Lappland) er namnet på dei tradisjonelle leveområda til samane. Samane har leveområda sine i fire land: Noreg, Sverige, Finland og Russland. Sameland strekkjer seg frå Kolahalvøya i nordaust til Engerdal i Hedmark og Idre i Midt-Sverige i sørvest. Området blir på samisk kalla Sápmi, Sábme eller Saemie.

Sameland strekkjer seg over heile Nordkalotten
Det samiske flagget

Ordsoge endre

Opphavet til ordet saemie (sørsamisk) eller sápmi (nordsamisk) er eit lån til ur-samisk/finsk frå urbaltisk *žeme ’land’ (jf. russisk земля [zemljá], som i Novaja Zemlja, ’Nyland’) til urfinsk-samisk *šämä ’landet (i nord)’, dvs. den delen av Finland baltarane hadde kontakt med.[1] Dette ordet gjennomgjekk seinare den særfinske lydendringa š → h (ei lydendring som vi ikkje fekk i samisk), så vi fekk Häme, namnet på området Tavastland (der Lahtis ligg). I samisk gjekk ordet i staden gjennom lydendringa š → s, og i sterkt stadium i nordlege dialektar også gjennom dissimileringa m → pm, slik at vi fekk Sápmi, ’Sameland’. Det same ordet *sämä lånte baltarane attende frå finnane (før lydendringa š → h i finsk) som namn på Finland, i forma *šāma. Denne forma dukka så opp i seint urfinsk-samisk som *šāma. Lang ā vart til lang ō i sein urfinsk, vi fekk *sōme, som framleis er den estiske namnet på Finland (Soome), og deretter diftongering av lange midtvokalar og e → i i slutten av ord i overgangen til moderne finsk, slik at sluttresultatet er Suomi. Dei som budde i «Det egentliga Finland» (Åboland), tavastlendingane og samane, dvs. suomalaiset, hämäläiset og sápmelaččat har altså alle etnonym som går attende til same lånord, ordet for ’land’ i urbaltisk.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Framstillinga av etymologien for sápmi baserer seg på Koivulehto 1993.
Bibliografi
  • Koivulehto, Jorma 1993: Suomi. Virittäjä s. 400-408 pdf