Brønnøya i Asker

Brønnøya i Asker kommune i Akershus fylke er den nest største av øyane i Vestfjorden utan fastlandssamband. Ei lita kabelferje for personar kan nyttast om sumaren til å kome seg over sundet mellom øya og granneøya Nesøya; Nesøya har ordinært veg- og brusamband til fastlandet. I tillegg er det om sumaren rutebåtsamband til Sandvika. Om vinteren, då sundet frys til, vert kabelferja bytta ut med ei pongtongbru (flytebru) for fotgjengarar.

Brønnøya i Asker
Geografi
Stad Indre Oslofjord
Koordinatar 59°21′27″N 10°32′18″E / 59.35750°N 10.53833°E / 59.35750; 10.53833

Areal 1,4 km²

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Akershus

Øya har eit areal på 1,4 km². Av øyane i Asker og Bærum er berre Ostøya og Nesøya større. På øya er det 362 private parsellar, naturreservat og kommunale strandområde. Øya skal vere utan motorisert ferdsel.

Kultur

endre

Attraksjonen på øya er ein gammal, restaurert og freda omn for kalkbrenning; ei viktig verksemd i både Asker og Bærum i tidlegare tider[1]. Kalken vart nytta til å mure hus og konstruksjonar i teglstein med.

Busetnad

endre

På Brønnøya er det 16 eigedommar med fast busetnad og 261 med hytter, og det bur opp mot 100 fastbuande familiar her. Dei seinare åra er det lagt offentleg vatn og avløp på øya og skipa til kommunal søppeltømming, slik at øya i dag framstår som eit bustadområde meir på line med granneøya Nesøya.

Kjelder

endre
  1. K. H. Kittelsen: Brent Kalk. 900 år med kalkbrenning i Asker og Bærum. Asker og Bærum Historielag. 2005. ISBN 82-90095-10-4

Bakgrunnsstoff

endre