Bradjbhakha
(Omdirigert frå Bradj)
Bradjbhakha er eit vestleg hindispråk som blir tala i store delar av Uttar Pradesh og over grensa i Rajasthan.
Bradjbhakha andre namn: bradjbhasja, bradj, bridjbhasha, antarbedi, antarvedi, bri, bridju, brudj | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk indoiransk indoarisk vestleg hindi hindi | |
Bruk | ||
Tala i | Hovudsakleg India | |
Område | Uttar Pradesh, Rajasthan, Haryana, Bihar, Madhya Pradesh, Delhi | |
Bradjbhakhatalande i alt | 44 000 (1997) | |
Skriftsystem | Devanagari | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | India | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | bra | |
ISO 639-3 | bra |
Særskilde kjennteikn ved språket er hannkjønnssubstantivendinga /o:/ i nominativ, fleirtalsendingane /an/ og /ani/ (og /õ/) i oblik form, verbendingane /tu/ eller /at/ for perfektiv partisipp og /jau/ eller /au/ for perfektiv partisipp.
Bradjbhakha er rekna som språket til bhaktirørsla i mellomalderen, og har ei rik krisjnadikting frå 1400- til 1700-talet. Den vidkjende diktaren Surdas skreiv på bradj. Amir Khusro skreiv på khariboli med innverknad frå bradjbhakha. Det finst også mange dadrasongar på språket.
Kjelder
endre- Ethnologue-rapport
- G. A. Zograph: Languages of South Asia, 1960 (translated by G.L. Campbell, 1982), Routledge, London.