Haryana er ein delstat i India. Han grensar mot Panjab og Himachal Pradesh i nord, mot Uttaranchal og Uttar Pradesh i aust, mot Rajasthan sør og vest, og omsluttar saman med Uttar Pradesh hovudsstadsterritoriet Delhi.

Haryana
delstat
Symbol
Forkorting: IN-HR
Land  India
Hovudstad Chandigarh
Største by Faridabad
Areal 44 212 km²
Folketal 27 761 063 (2016)
Grunnlagd 1. november 1966
Språk hindi, punjabi
Kart
Haryana
29°11′37″N 76°19′29″E / 29.193657°N 76.324586°E / 29.193657; 76.324586
Kart som viser Haryana.
Kart som viser Haryana.
Kart som viser Haryana.
Wikimedia Commons: Haryana
Hindutempel i Panchkular i Haryana.

Haryana blei skild ut frå Panjab i 1966. Grunngjevinga var språkleg – innbyggjarane her er hovudsakleg hinditalande, medan fleirtalet snakkar panjabi i Panjab. Fleire panjabarar er også sikhar, medan fleirtalet i Haryana er hinduar. Samstundes er dei fleste innbyggjarane i begge statane jatar. Ved opprettinga blei Chandigarh delt hovudstad. Etter planen skulle denne overførast til Punjab i 1986, men dette skjedde ikkje.

Delstaten har ein stor industriproduksjon med fabrikkar særleg i Gurgaon, Panchkula, Panipat, Faridabad og Bahadurgarh. Delstaten produserer halvparten av alle personbilar og motorsyklar laga i India, 30% kjøleskap, 25 % av traktorar. Staten står også for 20 % av eksporten av vitskaplege instrument og 33 % av indisk programvareeksport.[1] Fleire nasjonale og internasjonale selskap held til her. Bilfirmaet Maruti har hovudkontor i Gurgaon.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Haryana