Bratsk
Bratsk (russisk Братск) er ein by i Irkutsk oblast i Russland. Han ligg på vestsida av det enorme Bratsk-reservoaret i elva Angara, rundt 470 km nordvest for Irkutsk. I 2007 hadde han om lag 250 000 innbyggjarar.
Bratsk Братск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | ![]() | ||
Føderasjonssubjekt | Irkutsk | ||
Grunnlagd Bystatus |
1631 1955 | ||
Borgarmeister | Sergei Serebrennikow | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
428 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
253 200 591,6 /km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 450 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
IRKT (UTC+8) IRKST (UTC+9) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 665700–665732 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3953 | ||
Nettstad: www.bratsk-city.ru |
Historie endre
Bratsk vart grunnlagt av russiske nybyggjarar i 1631 som ei festning. Fleire tretårn frå 1600-talsfortet er no utstilt på Kolomenskoje-godset i Moskva. Den raske utviklinga til byen starta på midten av 1950-talet med bygginga av det store (4500 MW) vasskraftverket i Angara.
Økonomi og næringsliv endre
Bratsk vasskraftverk er den viktigaste næringa i byen. Av øvrig industri i byen finn ein eit aluminumsverk og ein tremassefabrikk.
Miljøproblem endre
Bratsk var av Blacksmith Institute sin «Dirty Thirty», dei tretti mest forureina stadane i verda.[1]
Inntil nyleg var Bratsk-reservoaret - som er eit av dei største i verda - drikkevasskjelde for mange nærliggande byar. Men etter at tonnevis av kvikksølv vart funne på botn av reservoaret vart innbyggjarane åtvara og bede om å unngå reservoaret for ein kvar pris. Men på grunn av dei økonomiske problema i Russland vert reservoaret framleis nytta til fiske av hardt pressa lokale innbyggjarar. I følgje Jurij Udodov, leiar for Den føderale økologi-komitéen i Irkutsk oblast, så har dette området «den høgaste utsleppsmengda av metallisk kvikksølv i heile Sibir.»[2] Mengda av kvikksølvforureining i bakken rundt den nærliggande den kjemiske fabrikken Usolje tilsvarar halvparten av den globale produksjonen av kvikksølv i 1992.[3]
Bratsk er erklært ein økologisk katastrofesone. Bratsk aluminiumsverk har forureina omgjevnadane sine i så stor grad at byen Tsjikanovskij vart evakuert i 2001 på grunn av gjentatte helsemessige kriser.[4]
Transport endre
Bratsk ligg ved BAM (Bajkal-Amur Magistrale)-jernbanen. Bratsk lufthamn ligg 25 km nord for byen.
Utdanning endre
Høgare utdanningsinstitusjonar i byen er Bratsk statlege tekniske universitet og ei avdeling av Irkutsk statlege universitet.
Sjå òg endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Bratsk» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Blacksmith Institute, arkivert frå originalen 26. oktober 2006, henta 30. november 2008
- ↑ Earth Island Institute: Earth Island Journal - World News (Winter/Spring 1998-1999), arkivert frå originalen 18. oktober 2007, henta 30. november 2008
- ↑ Earth Island Institute: Earth Island Journal - World News (Winter/Spring 1998-1999), arkivert frå originalen 18. oktober 2007, henta 30. november 2008
- ↑ The Blacksmith Institute, arkivert frå originalen 26. oktober 2006, henta 30. november 2008