Braunschweig er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 250 000 innbyggjarar. Byen ligg nord for fjella Harz så langt opp i elva Oker som ho er framkommeleg. Elva knyter byen til Nordsjøen via elvane Aller og Weser.

Braunschweig
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Niedersachsen
Region Ingen
Landkreis Kreisfri by
Høgd 267–523 m
Areal 192,70 km²
Folketal 252 066 (31. desember 2023)
Postnummer 38100–38126
Retningsnummer 0531, 05307, 05309
Bilnummer BS
Kart
Braunschweig
52°16′09″N 10°31′16″E / 52.269166666667°N 10.521111111111°E / 52.269166666667; 10.521111111111
Wikimedia Commons: Braunschweig

Historie

endre

Opphavet til byen er ukjend, men ein meiner at byen vart danna av to busetnadar som vart slått saman. Den eine vart grunnlagd av Bruno II, ein saksisk greve som døydde før 1017, på den eine side av Oker. Den andre busetnaden vart grunnlagd av grev Dankward, som slottet Dankwarderode er kalla opp etter. Det opphavlege namnet på byen var Brunswik ein kombinasjon av namnet Bruno og wik, ein stad der kjøpmenn tok seg ein kvil og lagra varene sine. Namnet indikerer derfor ein ideell kvileplass, sidan han låg ved ein vadestad over Oker. Dokument frå kyrkja St. Magni frå 1031 oppgav namnet på byen som Brunesguik. Ei anna forklaring på namnet er at det oppstod frå Brand, eller brenning, som indikerer ein stad der landskapet vart rydda etter ein brann.

 
Dankwarderode Slott.
 
Braunschweig rundt år 1900.

På 1100-talet gjorde hertug Henrik Løve Braunschweig til hovudstad i staten sin og bygde Braunschweig domkyrkje. Han vart så mektig at han torde å nekte og hjelpe Fredrik Barbarossa militært, noko som førte til at han vart fordømd og mista makta.

Braunschweig vart ein hansaby frå 1200-talet til midten av 1600-talet. På 1700-talet var Braunschweig både eit politisk og kulturelt senter. Emilia Galotti frå Lessing og Goethe sin Faust vart framført for første gong i Braunschweig.

Det meste av tida var Braunschweig residens for eit hertugdøme med same namn (Herzogtum Braunschweig), som var ein del av Det tyske riket sidan 1871. Etter den første verdskrigen fekk han status som Freistaat Braunschweig i Weimarrepublikken. Etter den andre verdskrigen vart staten Braunschweig løyst opp og ein del av den nye delstaten Niedersachsen.

 
Domkyrkja i Brunswick med løvestatue.

Under den andre verdskrigen var byen ein del av militærdistriktet Wehkreis XI, og utsett for kraftige bombeåtak frå dei allierte. 15. oktober 1944 vart det meste av gamlebyen øydelagd, som var den største samlinga av bindingsverkshus i Tyskland, i tillegg til dei fleste kyrkjene. Berre domkyrkja, som av nazistane gjorde til nasjonalheilagdom, overlevde bombene.

Ein liten del av gamlebyen overlevde òg bombetokta. Store delar av det som vart øydelagd vart restaurert og bygd opp att etter krigen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Braunschweig
  Reiseguide for Braunschweig frå Wikivoyage