Brede R. Ellingsen

Brede Raa Ellingsen (fødd 13. desember 1988) er ein norsk friidrettsutøvar frå Bergen. Han vart noregsmeister i høgdehopp i 2007, 2009, 2011, 2013 og 2016. Han var medlem i Norna-Salhus til 2014, sidan av Fana Idrettslag.

Brede R. Ellingsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. desember 1988 (35 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Ellingsen gjekk over 2,10 m då han i Askim i 2007 vart norsk meister fyrste gongen. Sesongen etter forbetra han den personlege rekorden til 2,18 m, i NM stoppa han på 2,07 m og fekk sølv. Under eit stemne heime i Bergen den 6. juni 2009 svinga han seg over 2,21 meter, hans livs beste høgdehopp. I NM på Lillehammer hoppa han 2,15 m og tok NM-gull nummer 2. I 2010 kom han på sølvplass i NM, året etter vart han på Byrkjelo norsk meister tredje gongen. I 2013 vann Ellingsen sitt fjerde NM-gull og i 2016 sitt femte og siste.

Under NM i friidrett 2012 deltok Ellingsen i tresteghopp. Han sette då personbeste med 14,48 m, ei lengde som gav han bronsemedaljen i ei svak tevling (50 år tidlegare ville han vorte nummer 6 i NM). Etter tredjeplass i høgdehopp ved NM 2017 på Sandnes la han opp som aktiv.

Kjelder endre