Breithorn i Lauterbrunnen

Breithorn eller Lauterbrunnen Breithorn er eit 3780 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Grensa mellom kantona Bern og Valais går over fjellet.

Breithorn
fjell
Breithorn1.jpg
Breithorn oppfor Lauterbrunnental
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 780 moh.
Primærfaktor 443 m ↓ Jungfrau
Koordinatar 46°28′42.3″N 7°52′35.7″E
Førstestiging Edmund von Fellenberg
 - dato 31. juli 1865

Breithorn i Lauterbrunnen
46°28′42″ N 7°52′36″ E
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Breithorn (Lauterbrunnen)
Breithorn sett frå nord frå Schilthorn

GeografiEndra

Fjellet ligg mellom Grosshorn og Tschingelhorn. Mellom Breithorn og Tschingelhorn ligg det bredekte Wetterlücke. Mot nord stuper Breithorn i ein om lag 1 200 meter høg berg- og isvegg, Lauterbrunnenveggen, ned i Lauterbrunnental og dannar ein imponerande avgrunn.

FyrsteklatringEndra

Fjellet vart klatra fyrste gongen den 31. juli 1865 av fjellpioneren Edmund von Fellenberg frå Bern. Med seg på turen hadde han fjellførarane Johann Bischoff, Peter Egger, Peter Inäbnit og Peter Michel frå Lauterbrunnen og Grindelwald.

KjelderEndra