Schilthorn
Schilthorn er eit 2 970 meter høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits, oppfor Mürren.
Schilthorn | |||
fjell | |||
Toppen av Schilthorn og Jungfrau i bakgrunnen
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Region | Berner Oberland | ||
Fjellkjede | Bern-Alpane | ||
Høgd | 2 970 moh. | ||
Primærfaktor | 358 m ↓ mot Finsteraarhorn | ||
Koordinatar | 46°33′26″N 7°50′07″E / 46.55722°N 7.83528°E | ||
Schilthorn 46°33′26″N 7°50′07″E / 46.557222222222°N 7.8352777777778°E | |||
Kart som viser Schilthorn.
| |||
Wikimedia Commons: Schilthorn |
Frå toppen kan ein sjå Titlis, Jungfrau, Mönch, Eiger, over Bern-Alpane og Jurafjella opp til Vogesane og Schwarzwald. Mont Blanc er òg så vidt synleg.
Det går ei rekkje kabelvogner opp til fjellet får dalbotnen nedanfor. På toppen ligg ein roterande panoramarestaurant kalla Piz Gloria. Her vart mellom anna scenar til James Bond-filmen On Her Majesty's Secret Service filma. Restauranten roterer ein runde på 55 minuttar.
Om vinteren er Schilthorn utgangspunkt for det lengste utforrennet i verda, kalla «Inferno», som vart halde første gongen i 1928.
Om sommaren endar Inferno triathlon på toppen etter eit løp opp frå Lauterbrunnendalen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Schilthorn» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2012.