Hornelen
Hornelen (860 moh.) ligg i Bremanger kommune i Vestland og er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa. I eldre tider kalla ein gjerne fjellet Smalsarhorn. Mange segner er knytt til dette fjellet og ifylgje nokre av desse er det ein samlingsstad for hekser både jonsokaftan og julaftan. Om den norske kongen Olav Tryggvason er det sagt at han var ein dugande idrettsmann. Han skal ha klatra opp bratthenget på Hornelen.
Hornelen | |||
fjell | |||
Hornelen sett frå nordsida av Nordfjord i Vågsøy kommune.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Bremanger (Vestland) | ||
Fjelltype | Sjøklippe | ||
Høgd | 860 moh. | ||
Lettast tilkomst | Frå Berleneset | ||
![]() Hornelen |
Tidlegare var fjellet høgare, men delar av toppen raste ut i 1865.[1][2]
Hornelen har lenge vore brukt som landemerke for skip som fór forbi. I fjellet er det ei stor steinblokk ein er redd skal rase ut i sjøen. Båtar som passerer skal av den grunn ikkje gje fløytesignal.
Frå Berleneset er det om lag 4 timar gangtid til toppen.
ReferansarEndra
- ↑ «Museum». NRK Radio. 29. desember 2017.
- ↑ «Norges land og folk - Nordre Bergenhus amt». 1901. s. 56.
BakgrunnsstoffEndra
- Fylkesleksikonet om Hornelen
- Fotoreportasje 1 frå tur til Hornelen
- Fotoreportasje 2 frå tur til Hornelen
- Eldre fotografi av Hornelen på nettstaden til Nasjonalabiblioteket
- Hornelen på gamle postkortDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.