Brennerpasset
Brennerpasset (eller berre Brenner, italiensk Passo del Brennero) er eit grensepass i Aust-Alpane mellom det austerrikske forbundslandet Tirol og den italienske autonome provinsen Sør-Tirol.
Brenner / Passo del Brennero | |||
---|---|---|---|
Skilt på passhøgda | |||
Nord | Sør | ||
Passhøgd | 1 370 m o. A. | ||
Region | Bezirk Innsbruck Land, Austerrike | Provins Sør-Tirol, Italia | |
Vasskilje | Sill | Eisack | |
Stader | Steinach am Brenner | Sterzing | |
Samband | Brenner Autobahn; Brennerstraße (den «gamle» passvegen); Brennerbahn | Autostrada del Brennero; Strada Statale 12 dell’Abetone e del Brennero (den «gamle» passvegen); Brennerbahn; sykkelveg | |
Bygd | 1963 | ||
Fjellområde | Stubaieralpane-Zillertal-Alpane | ||
Kart | |||
| |||
Koordinatar | 47° 0′ 12″ N, 11° 30′ 27″ AKoordinatar: 47° 0′ 12″ N, 11° 30′ 27″ A |
Med ei høgd på 1370 meter over havet er Brennerpasset den lågaste fjellovergangen på Alpehovudkammen i Aust-Alpane sine høgfjell, og er med St. Gotthard, Simplon og Mont Cenis ein av dei fire viktigaste rutene over Alpane, og for vegtrafikken den mest brukte av dei. I motsetnad til for dei sveitsiske passa ligg ikkje hovudvekta på jernbanen, men på vegtrafikk.