Isarco
(Omdirigert frå Eisack)
Isarco (tysk Eisack, latin Isarus eller Isarcus) er den nest lengste elva i Trentino-Alto Adige i Italia med ei lengd på 96 km. Ho har sitt utspring nær Brennerpasset i ei høgd på 1 990 moh og har eit nedslagsfelt på 4 200 km². Ho munnar ut i Adige sør for Bolzano.
Isarco | |||
elv | |||
Elva nær Bolzano
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 202 km² | ||
Lengd | 96 km | ||
Middelvassføring | 78 m³/s | ||
Kjelde | Brennerpasset | ||
• høgd | 1 990 moh. | ||
Munning | Adige | ||
Isarco 46°26′28″N 11°18′53″E / 46.441111111111°N 11.314722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Eisack |
Dei største stadane langs elva er Sterzing, Franzensfeste, Brixen, Klausen, Waidbruck og til slutt hovudstaden i provinsen. Ho har fleire mindre elvar som sideelvar, som Ridnauner Bach, Pflerscher Bach, Pfitscher Bach, Rienz, Villnösser Bach, Grödner Bach, Braibach (òg kalla Tierser Bach), Eggentaler Bach og Talvera frå Sarntal.
Isarco vert i omfattande grad nytta til produksjon av elektrisitet og er demma opp ved Franzensfeste, Klausen og Waidbruck.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Isarco frå Engelsk Wikipedia .