Brent Tor er ein nut på vestsida av Dartmoor, om lag 8 km nord for Tavistock, med ei høgd på 330 meter over havet. Landsbyen Brentor ligg nedanfor nuten.

Brent Tor
ås
Land  England
Kart
Brent Tor
50°36′11″N 4°09′37″W / 50.603138888889°N 4.160225°W / 50.603138888889; -4.160225
Brent Tor frå nordaust

Brent Tor er eit unikt døme på ein tidleg basaltisk vulkan frå karbontida, som no er erodert ned.[1] Han består av vulkansk breksje og putelava, sprøyta ut under eit tidlegare hav.[2]

Det finst restar etter eit åsfort frå jernalderen kring nuten.

Kjelder endre

  1. Dartmoor National Park Authority, Educational Register of Geological Sites Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
  2. Robert Hesketh, Devon's Geology, an introduction, page 8. Bossiney Books

50°36′11″N 4°09′37″W / 50.603138°N 4.160225°W / 50.603138; -4.160225