Brewster-lova

Brewster-lova seier at når ljos brytast og blir reflektert på overgangen mellom to gjennomsiktige, isotrope stoff, er det reflekterte ljoset fullt polarisert når den reflekterte stråleretninga står vinkelrett på den brotne. Den tilhøyrande innfallsvinkelen ip blir kalla polarisasjonsvinkelen, eller Brewster-vinkelen. Han er ifølgje Snellius-lova gjeve ved tan ip = n, der n er den relative brytingsindeksen til stoffet.

Figur av polariseringa av lyset som treffer ei flate med Brewster-vinkelen.

For luft/kronglas er den relative brytingsindeksen ca. 1,5 og polarisasjonsvinkelen ca. 57°.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra