Brian Kidd
Brian Kidd (fødd 29. mai 1968) er ein ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Manchester som i 1968 var med å vinne Europacupen i fotball for Manchester United. Midtspissen fekk to opptredenar i Englands landslagsdrakt våren 1970.
Brian Kidd | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 29. mai 1949 (74 år) Manchester |
Yrke | fotballspelar, fotballtrenar |
Språk | engelsk |
Høgd | 178 centimeter |
Brian Kidd på Commons |
Klubbspel endre
Kidd ligadebuterte på Manchester United i sesongopninga i august 1967. På 19-årsdagen i 1968 skåra han det tredje målet då Manchester-laget tok heim den fyrste europacup-pokalen gjennom finalesiger 4-1 over Benfica på Wembley stadion i London.
Etter at Manchester United våren 1974 rykte ned i 2. divisjon, vart Kidd overført til Arsenal. Etter to sesongar i London-laget gjekk turen tilbake til Manchester, då til spel med Manchester City. I mars 1979 signerte han for Everton, der han vart verande til han sommaren 1980 vart overført til Bolton og spel i 2. divisjon i halvtanna år. På tampen av karrieren tente han peng hos fleire USA-amerikanske lag.
Langdslagsspel endre
Kidd deltok i to landskampar for England i april-mai 1970. Han spelte heile kampen då Nord-Irland vart slått i London, medan han var innbytar mot Ecuador i Quito der han skåra det andre målet i ein kamp som enda med siger 2-0.
Sidan han la opp som spelar, har Kidd arbeidd i fleire ulike fotballklubbar, mellom andre Manchester United 1988-98 og Manchester City 2009-dags dato.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Brian Kidd» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2018.