Opna hovudmenyen

Brian John McClair (fødd 8. desember 1963 i Glasgow) er ein britisk-skotsk tidlegare fotballspelar frå Bellshill i Skottland. Han var angrepsspelar på engelske Manchester United i tida 1987-98, ein klubb han vann både ligameisterskap, FA-cupar, Cupvinnarcupen 1991 og Ligacupen 1992 med.

Brian McClair
Brian McClair (2017-07-29 img03).jpg
Brian McClair i 2017
Personleg informasjon
Fullt namn Brian John McClair
Fødselsdato 8. desember 1963 (55 år)
Fødestad Bellshill i Skottland
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbane, Spiss
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1980-1981 Aston Villa 0 (0)
1981-1983 Motherwell 40 (15)
1983-1987 Celtic 145 (99)
1987-1998 Manchester United 355 (88)
1998-1999 Motherwell 11 (11)
Totalt 551 (202)
Landslag
1986-1993 Skottland 30 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

McClair spelte på skotske Motherwell FC i to sesongar frå 1981. Frå sommaren 1983 var han Celtic-seplar i fire år. Gjennom desse fire åra skåra han 99 mål på 145 kampar for storklubben frå Glasgow. Med Celtic vart han skotsk cupmeister i 1985 og ligameister i 1986.

Mot 850 000 pund vart McClair sommaren 1987 overført til Manchester United. Saman med Mark Hughes danna han over fleire sesongar eit målkåt spisspar for United. Her var han med om å vinne FA-cupen 1990, Cupvinnarcupen 1991 og ligacupen 1992. Perioden 1993-97 sanka han og klubben fire ligatitlar, og i 1994 vart han FA-cupvinnar for andre gong. Etter å ha hatt fast plass i startoppstillinga i åtte seongar, måtte McClair frå 1995 for ein stor del nøye seg å vere ein mykje nytta innbytar i Manchester United. Ved sesongslutt våren 1998 fekk han gå fritt til Motherwell, der han spelte hausten 1998.

LandslagsspelEndra

McClair landslagsdebuterte i november 1986. Han deltok for Skottland i Fotball-EM 1992 i Sverige, der han skåra sitt fyrste landslagsmål då Skottland slo Sovjetunionen 3-0 i Norrköping. Knapt eitt år seinare, den 2. juni 1993, skåra han sitt andre mål for Skottland, i det som vart hans 30. og siste opptreden i landslagsdrakta.

KjelderEndra