Bellshill
Bellshill er ein by i regionen North Lanarkshire i Skottland. Han har kring 30 000 innbyggjarar og ligg kring tre kilometer nord for Motherwell. Sidan 1996 har han vore ein del av Stor-Glasgow.
Bellshill | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk skotsk |
Cnoc a' Chluig Bellshull | |
St Andrew's Church | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | North Lanarkshire | |
Tradisjonelt grevskap | Lanarkshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
30 000 | |
Koordinatar | 55°49′N 4°2′W / 55.817°N 4.033°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | ML4 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1698 | |
Dei tidlegaste funna av busetjingar ligg ved ein landsby som heitar Belmill og vart nedskriven på eit kart av den skotske kartografen Timothy Pont i 1654. Landsbyen bestod av ei rekkje bustader for steinbrotsarbeidarar og var ått av ein Mr. Bell, som òg åtte steinbrotet sør for Belmill. Etter at steinbrotet vart nedlagt forsvann landsbyen og ny busetjing vart opparbeidt ved Crossgates, som låg like ved. Rundt 1810 tok denne busetjinga namnet Bellshill, som fortsette å vekse og dermed slukte tettstader i nærleiken som Black Moss og Sykehead.
Rundt 1850 vart det funne store kol– og jarnførekomstar i nærleiken noko som gjorde at fleire gruver/brot vart opna. Dette gjorde igjen at byen voks kraftig, og fleire innvandrarar vart freista til byen, spesielt frå Litauen. Det vart òg bygd fleire jernbanestasjonar i området, inkludert Mossend, Fallside og Bell Cross.
Rundt 1870 vart Bellshill hardt råka av infeksjonssjukdomar. I 1917 byrja sjukehuset å spesialisere seg til eit morskapssjukehus, som det første i Lanarkshireområdet, med nye morsskapsfløyer som vart opna i 1958 og 1962. Dette sjukehuset vart fødestad for ei rekkje prominente personar, som politikaren Robin Cook, fotballspelaren Ally McCoist og songaren Sheena Easton. Dette sjukehuset vart stengt i 2001 og riven i 2003 for å gjere plass til nye bustadprosjekt.
Kjende personar frå Bellshill
endre
|
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bellshill» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell populasjonsdata frå 2001 Arkivert 2008-12-01 ved Wayback Machine.
- Byar og tettstader i Monklands-området Arkivert 2007-08-15 ved Wayback Machine.