Bridgnorth er ein by i Shropshire i England. Han har namn etter ei bru over elva Severn, som låg lengre nord enn ei tidlegare bru ved Quatford.[1] Bridgnorth er delt i to, Low Town og High Town, som har namn etter plasseringa si i høgde i forhold til Severn. Byen er administrasjonssenter for, og har gjeve namn til det tidlegare distriktet Bridgnorth.

Bridgnorth

Plassering
Bridgnorth is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Shropshire
Distrikt Shropshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

12 216
Koordinatar 52°32′N 2°25′W / 52.533°N 2.417°W / 52.533; -2.417
Diverse annan informasjon
Postnummer WV15, WV16
Telefon-retningsnummer 0 1746
Commons har multimedium som gjeld: Bridgnorth

Dei to bydelane er knytte til den brattaste jernbanestrekninga i Storbritannia, Castle Hill Railway. I Low Town finn ein Severn Valley Railway, som går sørover mot Kidderminster. High Town er dominert av Bridgnorth slott og rådhuset frå 1600-talet. Det er òg bevart ein byport, og vassmølla Daniel's Mill. Slottet ligg i ruinar etter at det vart sprengt under den engelske borgarkrigen. Ved same høve vart store delar av byen brunnen.

21. august 2003 fekk Bridgnorth status som Fairtrade Town.

Den vesle byen har hele 27 pubar, noko mange turistar til Black Country utforskar nærmare. Det vert arrangert ein årleg folkemusikkfestival her.

Kjelder

endre
  1. Raven, Michael (2005). A Guide to Shropshire. Michael Raven. s. 32. ISBN 0-906114-34-9. Henta 14. mai 2008. [daud lenkje]