Brigde

oftast eit omskifte eller ei endring. Ordet skriv seg frå gamalnorsk brigdi, som og tyder omskifte eller brot

Eit brigde tyder som oftast eit omskifte eller ei endring. Ordet skriv seg frå gamalnorsk brigdi, som og tyder omskifte eller brot. Ordet har vore nytta slik i ulike norske dialektar, og derifrå fann det vegen attende til nynorsk. Her kan det og tyde skilnader i målføre mellom dei ulike landsdelane (målbrigde).

Brigde er og eit verb, som tyder å skifte om på noko, eller endre på det. Ordet er etymologisk skyldt verbet å brette. I Telemark og Hallingdal kunne ordet og tyde å drepa eller slakte ("dog sjælden og som forældet". Aasen). Ivar Aasen fann ordet mange stader i Noreg, og nyttar døme frå Hardanger, Nordhordland, Sogn, Sunnmøre, Telemark og Hallingdal.

I Slåtteteori er brigde nytta om overgangar mellom ulike vek der vekavgrensinga ikkje er tydeleg.

Kjelde: Ivar Aasen: Norsk ordbok.