Brighton and Hove
(Omdirigert frå Brighton & Hove)
Brighton and Hove er ei sameint styresmakt i England. Han vart oppretta 1. april 1997, då byane Brighton og Hove vart slått saman. Dei to byane hadde alt tidlegare vakse saman, slik at dei utgjorde eit stort urbant område.
Brighton and Hove | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | East Sussex | |
Distrikt | sameint styresmakt | |
Borgarmeister | Daniel Yates | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2008) |
256 600 | |
Koordinatar | 50°50′N 0°9′W / 50.833°N 0.150°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Distriktet fekk status som city i 2000.
Dei to kystbyane har til saman 11 km med strandlinje, med mange underhaldningstilbod og restaurantar.
Dei har ein felles fotballklubb, Brighton & Hove Albion FC.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brighton and Hove» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juli 2011.