Briljant
Briljant er ein ein særskild slipetype for edelsteinar, særleg diamantar, for å oppnå eit vent fargespel. Ein fullkommen briljant har forutan toppflata og den mindre botnflata 56 fasettar, derav 32 på oversida og 24 på undersida. Omkrinsen kan vere rund eller firkanta. Ein halvbriljant, briljonett, har krona slipt som briljant, men utan underdel eller med underdel av glas.
Kjelder
endre- Briljant. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/briljant.