Diamant

allotrop av karbon

Diamant er eit mineral som i likskap med grafitt er sett saman av reint karbon og er ein av dei allotrope formene til karbon. I diamant er karbonatoma kovalent bundne til kvarandre i eit nettverk slik at kvart atom har binding til fire andre.

Diamant

Ein lett misforma åttesida diamant i matriks som er typisk for mineralet.
Generelt
KategoriGedigne mineral
Kjemisk formelC
Strunz-klassifisering01.CB.10a
Identifikasjon
Molekylvekt12,01 g/mol
FargeOfte gul, brun eller grå til fargelaus. Mindre ofte blå, grøn, svart, gjennomskineleg kvit, rosa, fiolett, oransje, lilla og raud.
KrystallformÅttesidig
KrystallsystemIsometrisk-heksotahedral (Kubisk)
Kløyv111 (perfekt i fire retningar)
BrotMuslig (skal-liknande)
Mohs hardleiksskala10
GlansDiamantaktig
Strekfargefargelaus
TransparensGjennomsiktig til delvis gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt3,511[1]
Polert glansDiamantaktig
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop
Brytingsindeks2,418 (ved 500 nm)
DobbeltbrytingIngen
PleokroismeIngen
Dispersjon (spreiing)0,044
SmeltepunktTrykkavhengig
Kjelder[2]

Eigenskapar endre

Diamantar er uløyseleg i alle løysemiddel og er det hardaste stoffet som finst, medan grafitt er særs bløytt. Diamantar er som regel fargelause, eller med eit blåleg til gulaktig skjer, men kan òg vere mørkebrune, oransje, raude, grøne, blå eller svarte. Dei kan vere vassklåre, men òg ugjennomsiktige på grunn av ureinleikar eller blærer. Sjølv om diamantar er det hardaste stoffet som finst, er ikkje hardleiken lik i alle retningar, og dei kan difor slipast ved hjelp av diamantpulver.

Diamantar har relativt høg tettleik og sterk glans (adamantin). Lysbrytingsindeksen er særs høg og er med på å skape eit kraftig fargespel hjå slipte diamantar. Diamantar er ikkje uknuselege og er relativt sprø. Ein kan til dømes slå av ein bit av eit hjørne om ein slår mot noko hardt, men slipte diamantar vert sjeldan knuste på grunn av forma og storleiken dei vert slipte i.

 
Diamantar i briljantsliping.

Førekomst endre

Høg temperatur og høgt trykk er naudsynt for at diamantar skal verte danna, vel 4 millionar kPa (kring 40 000 atm). Dei vert danna i i mantelen til jorda, 150-200 km ned i jordskorpa, i bergartane peridotitt eller eklogitt. Dei vert så førte til jordyta gjennom vulkanske eksplosjonsrøyrer av kimberlitt og stundom lamporitt. Diamantar er dessutan kjende frå meteorittar.

Utvinning av diamantar er kjend frå India i antikken, truleg frå ca 600 f.Kr, men produksjonen herifrå er no liten. Frå 1725 tok Brasil over marknaden, då ein fann diamantar i elvegrus. Hovudproduksjonen kjem frå Minas Gerais og Bahia. Sør-Afrika er òg ein viktig produsent, og kring 50 % av verdsproduksjonen kjem frå Afrika. 1/3 av verdsproduksjonen går i dag føre seg i Australia der førekomstane vart oppdaga i 1979. Canada er forventa å utvikle seg til ein viktig produsent.

Internasjonale selskap leitar etter førekomstar i Karelen (Karelia), nordlege Finland og Kola, i tillegg til Finnmarksvidda og Sør-Varanger. Det er òg funne mikrodimanatar på Sunnmøre og ved Gardnos i Hallingdal, som er eit gamalt nedslagsfelt etter ein kjempemeteoritt, som danna ørsmå diamantar.

I 2003 var verdsproduksjonen for naturlege diamantar på 63,9 millionar karat industridiamantar og 73,3 millionar karat diamantar av edelsteinskvalitet (1 metrisk karat = 0,2 g).

Kjende diamantar endre

I 1905 vart den største kjende diamanten funnen. Han fekk namnet Cullinan-diamanten og var opphavleg på 3106 karat. Dei nest største er Excelsiordiamanten (Sør-Afrika, 1893), 995 karat og Star of Sierra Leone (1972), 969 karatar. Andre kjende diamantar frå Sør-Afrika er: Imperial (469 karatar), Jubilee (651 karatar), Jonker (726 karatar). Alle desse vektene gjeld den uslipte rådiamanten.

Kunstige diamantar endre

General Electric Company klarte i 1955 å framstille kunstige diamantar, og aksjane til konsernet steig på éin dag med meir enn 300 mill. dollar.

Årsproduksjonen av syntetiske diamantar er på over 500 mill. karat. Dei vert nytta i borekroner, sager og andre skjerande reiskapar. Dei industrielle diamantane er som regel gule, og fargelause, kunstige diamantar er ikkje enno kommersielt tilgjengelege.

Bruk endre

Diamantar vert brukte som smykkesteinar.

Diamantar vert brukte teknisk til borkroner og liknande.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Selbekk, Rune S. & Raade, Gunnar. (9. juni 2013). Diamant. I Store norske leksikon. Henta 23. juli 2014 frå http://snl.no/diamant.
  1. Anthony, J.W., Bideaux, R.A., Bladh, K.W., and Nichols, M.C.; Handbook of Mineralogy: Diamond; American Mineralogical Society (PDF (58 KB))
  2. «Diamond». WebMineral. Henta 22. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Diamant