Brit Salbu (fødd i 1947) er ein norsk kjemikar og strålevernforskar. Ho er professor ved Fakultet for miljøvitskap og naturforvaltning ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Ho leier eit senter for ypperleg forsking, Center for Environmental Radio Activity (CERAD).[1]

Brit Salbu
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1947 (77 år)
Yrke kjemikar, forskar

Salbu tok hovudfag i kjemi i 1974 og doktorgraden (dr. philos.) frå Universitetet i Oslo i 1984.[2]

Ho har særleg forska på miljøkjemi og radioekologi.[3] Ho har vore leiar av isotoplaboratoriet ved NMBU frå 1987 og har leidd NATOs miljøtryggingspanel. Ho er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og sidan 2004 fellow ved Royal Society of Chemistry i Storbritannia.[4]

Salbu vart i 2020 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for samfunnsnyttige virke.[5]

Kjelder endre

  1. «CERAD Board and Management» (på engelsk). Arkivert frå originalen 3. oktober 2018. Henta 3. oktober 2018. 
  2. Brit Salbu Preconcentration and fractionation techniques in the determination of trace elements in natural waters : their concentration and physico-chemical forms Avhandling (doktorgrad) - Universitetet i Oslo, 1985
  3. «30 år med radioaktivitet, mennesker og miljø på NMBU» (på norsk bokmål). Henta 3. oktober 2018. 
  4. «New Editorial Board Member: Professor Brit Salbu». Journal of Environmental Monitoring (på engelsk) 6: 20N. 2004. ISSN 1464-0325. doi:10.1039/B400134F. Henta 3. oktober 2018. 
  5. «Utnevnelse til St. Olavs Orden» (på norsk). Henta 30. september 2020. 

Bakgrunnsstoff endre