Britta Carlström
Britta Elisabet Carlström (fødd 25. februar 1950) er ein svensk kunstnar frå Stockholm.
Britta Carlström | |
Fødd | 25. februar 1950 (74 år) Stockholm |
Yrke | kunstnar |
Carlström er dotter av busssjåføren Leif Carlström og telefonisten Karin Landén. Ho gjekk på Pernbys målarskola 1968-1969, Textilinstituttet i Borås 1969-1970 og Konstfackskolan (textil) i 1970-1974. Ho utforma eit sceneteppe til Teleskolan i Kalmar og utsmykka innreiinga til ferja «Saga Star» og T-banestasjonen Gamla stan. Ho har halde separata- og samleutstillingar i Stockholm, Malmö, Kalmar, Östersund, Borlänge, Norrköping, Skottland, Aten, Stavanger, New York og Berlin. Ho er representert på Nationalmuseum i Stockholm,[1] Norrköping Kunstmuseum, Minnesota Art Museum og Statens konstråd. Ho fekk eit statleg arbeidsstipend og eit kommunalt stipend i 1983.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Britta Carlström» frå Wikipedia på svensk, den 26. november 2024.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Carlström, Britta E i Vem är hon : kvinnor i Sverige : biografisk uppslagsbok (1988), ISBN 91-1-863422-2