Bror Hayil
Bror Hayil (hebraisk skrift בְּרוֹר חַיִל) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nær Sderot og høyrer til Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2007 hadde han 462 innbyggjarar.
Bror Hayil | |||
בְּרוֹר חַיִל | |||
landsby | |||
Synagoge i Bror Hayil
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nord-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Sha'ar HaNegev | ||
Koordinatar | 31°33′27.72″N 34°38′49.19″E / 31.5577000°N 34.6469972°E | ||
Areal | 12 km² | ||
Folketal | 462 (2007) | ||
Grunnlagd | 10. april 1948 | ||
• Grunnlagd av | egyptiske jødar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Bror Hayil 31°33′28″N 34°38′49″E / 31.5577°N 34.646997222222°E | |||
Kart som viser Bror Hayil.
| |||
Wikimedia Commons: Bror Hayil |
Etymologi
endreNamnet Bror Hayil tyder «utval av soldatar» Det kan knytast til det jødiske opprøret mot romarane på første halvdel av 100-talet evt.[1]
Historie
endreDet fanst ein jødisk landsby med dette namnet i Talmud-tida. Han var ein yeshiva som vart leia av rabbi Johanan ben Zakai.[2] I følgje Talmud var eit lys om natta i Bror Hayil eit teikn på at eit gutebarn hadde blitt fødd.[1]
Den 10. april 1948, slo ei gruppe jødiske immigrantar frå Egypt leir på landområde kjøpt av Jewish National Fund.[3] I følgje den israelske historikaren Benny Morris vart kibbutzen grunnlagd 18. mai,[4] medan kibbutzen sjølv hevdar det var 5. mai.[5] Etter mange av dei egptiske grunnleggjarane forsvann, vart han ein målkubbutz for den brasilianske greina av den sionistiske ungdomsrørsla Dror, og seinare Dror Habonim.[6] I dag er mange av innbyggjarane immigrantar frå Brasil.[3]
Bror Hayil var den einaste jødiske landsbyen som vart grunnlagd mellom delingsplanen til SN og den israelske sjølvstendeerklæringa.[7]
Kibbutzen vart grunnlagd på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Burayr.[8][9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bror Hayil» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 The Days and the Seasons: Memoirs, Evyatar Friesel
- ↑ A Historie of the Jewish People, Abraham Malamat, Haim H. Ben-Sasson, Harvard University Press, page 332
- ↑ 3,0 3,1 Vilnai, Ze'ev (1976). «Bror Hayil». Ariel Encyclopedia. Volume 1. Tel Aviv i Israel: Am Oved. s. 1024–25. (he)
- ↑ Morris, Benny (April 2008). 1948 - A History of the First Arab Israeli War. s. 307.
- ↑ Bror Hayil website, arkivert frå originalen 23. september 2015, henta 12. september 2015
- ↑ Bror Hail, Negev Information Sentral
- ↑ HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 159–160. ISBN 965-448-413-7. (he)
- ↑ Morris, Benny (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-00967-6. Morris, 2004, s. xx, settlement #6.
- ↑ Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, s. 92, ISBN 0-88728-224-5