Brunbrystgauk

fugleart
Brunbrystgauk
Brunbrystgauk
Brunbrystgauk
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Brunbrystgauk
Utbreiinga av Brunbrystgauk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Gaukefuglar Cuculiformes
Familie: Gaukefamilien Cuculidae
Underfamilie: Coccyzinae
Slekt: Coccyzus
Art: Brunbrystgauk C. rufigularis
Vitskapleg namn
Coccyzus rufigularis

Brunbrystgauken (Coccyzus rufigularis) er ein fugl i gaukefamilien som er stadeigen for øya Hispaniola (Haiti og Den dominikanske republikken). Han har ei lengd på rundt 45–50 cm, bøygd nebb, mørkeraudt strupe- og brystparti, svart hale og og fjør som er kvite ytst.

Brunbrystgauken ser ut til å føretrekkje eit habitat som ligg mellom tørr skog og fuktig lauvskog. Fuglen held seg gjerne i låglandet, nokre gonger i tørre strok, men har også vore sett i furuskog og i regnskogane i fjellområda. Han et insekt og øgler. Paringstida er kort, noko som ser ut til å skuldast byrjinga av regntida. Då kjem nemleg sikadane, som er den viktigaste matkjelda for fuglen. Brunbrystgauken held seg i visse område og spreier seg sjeldan. Såleis har han berre to stadfesta paringsområde, nær landsbyane Puerto Escondido og Rio Limpio.

Bestanden minka kraftig på 1900-talet. Han er no utrydda frå Gonâveøya, og nesten frå heile Haiti. Ifølgje estimata er det berre mellom 2 500 og 10 000 individ igjen, og talet går framleis nedover, grunna avskoging med landbruksføremål, overbeiting og kanskje også kjemikaliar frå landbruket. I Den dominikanske republikken finst det fire reservat for vern av denne og andre artar. Framskrivingar viser at minken truleg vil saktne i løpet av dei neste ti åra.

Kjelder endre