Bruqin
Bruqin (arabisk إبروقين) er ein palestinsk by som ligg 13 kilometer vest for Salfit i Salfit guvernement nord på Vestbreidda og like ved den israelske busetjinga Brukhin. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 236 i 2007.[2] Bruqin låg tidlegare langs ei kamelhandelsrute. Det finst spor etter romarane i byen, med tre dammar og ei grav frå denne tida.[3]
Bruqin | |||
إبروقين, Buruqin, Ibruqin | |||
kommune | |||
Namneopphav: Berukin[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Salfit guvernement | ||
Koordinatar | 32°04′16″N 35°05′58″E / 32.07111°N 35.09944°E | ||
Areal | 13,2 km² | ||
Folketal | 3 236 (2007) | ||
Folketettleik | 245 / km² | ||
Borgarmeister | Ekremah M. Samara | ||
Bruqin 32°04′16″N 35°05′58″E / 32.071111111111°N 35.099444444444°E | |||
Kart som viser Bruqin.
| |||
Wikimedia Commons: Bruqin |
Arkeologi
endreBruqin er ein eldgammal stad. Den franske oppdagaren Victor Guérin fann fleire store tilpassa steinar i murane til moderne hus, og ei gammal grav nær landsyen med to gravliknande kammer.[4]
Historie
endreStaden var oppført i osmanske skattelister i 1596 som Bruqin i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde då eit folketal på 16 hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[5]
I 1870 estimerte Guérin at landsbyen hadde 300 innbyggjarar.[6] I «Survey of Western Palestina» i 1882 vart landsbyen (kalla Berukin) skildra som ein «mellomstor landsby på enden av ein utstikkar, og ein bratt skrent ned til dalen nedanfor. Det var kjelder like nedanfor husa. I sør ligg grotter, og i nord oliven.»[7]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Bruqin eit folketal på 367, alle muslimar.[8] medan Burqin i folketeljinga i 1931 hadde 90 busette hus og eit folketal på 534, igjen alle muslimar.[9] I 1945 var folketalet 690, alle arabarar, medan det samla landarealet var 12 628 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 3 175 for plantasjar og irrigert land, 2 301 for korn,[11] medan 28 mål var klassifisert som utbygde område.[12]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bruqin» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Palmer 1881, s. 226
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112.
- ↑ Bruqin Village Profile Arkivert 2012-02-18 ved Wayback Machine. International Women's Peace Service.
- ↑ Guérin 1875, s. 148, 153, som sitert i Conder og Kitchener, 1881, vol. 2, s. 306
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 134.
- ↑ Guérin 1875, s. 153
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 283
- ↑ Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 26
- ↑ Mills, 1932, s. 60
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155
Bakgrunnsstoff
endre- Landsbyprofil Arkivert 2012-02-18 ved Wayback Machine.