Brusdalsvatnet
Brusdalsvatnet er ein innsjø som ligg på Uksenøya i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Brusdalsvatnet ligg om lag midt på Uksenøya og er langt og smalt, knapt 10 km langt og om lag 1,3 km breitt på det breiaste.
Brusdalsvatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ålesund | ||
Nedslagsfelt | 27,87[1] km² | ||
Høgd over havet | 26 moh. | ||
Areal | 7,52 km² | ||
Middeldjupn | 33 m | ||
Største djupn | 102 m | ||
Volum | 0,25 km³ | ||
Kystlengd1 | 22,92 km | ||
Koordinatar | 62°28′33″N 06°27′23″E / 62.47583°N 6.45639°E | ||
Brusdalsvatnet 62°28′43″N 6°28′14″E / 62.47861111°N 6.47055556°E | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Frå Brusdalsvatnet renn vatnet gjennom Lillevannet, ein mindre innsjø nedanfor, gjennom Spjelkavikelva, og ut i Åsefjorden.
Brusdalsvatnet er drikkevatnet til Ålesund kommune.
I 2009 vart det funne oppsiktsvekkande høge verdiar av miljøgifta bromerte flammehemmarar (HBCDD) i botnslam i vatnet. Etter det Ålesund kommune og NIVA opplyser, skal ikkje dette ha betydning for vasskvaliteten på drikkevatnet.
Restriksjonar
endreSidan Brusdalsvatnet er drikkevasskjelde gjeld ein del restriksjonar på og kring vatnet[2].
Det er forbod mot vegbygging i nedbørsfeltet. Mogeleg anleggsveg skal stengast med bom, og berre nyttast til drift av vassverket.
Det skal ikkje oppførast bygningar i nedbørsfeltet
Det er forbod mot å slå opp telt i nedbørsfeltet.
All båttrafikk på vatnet er forbode.
Det er berr lov å fiske med stong i Brusdalsvatnet, og berre for medlemmar av Skodje jeger- og fiskerforening.
Det er forbod mot gjødsling av vatnet for å auke fisket,
Sprøytemiddel kan ikkje brukast i nedbørsfeltet.
Kjelder
endre- Fotnotar
- ↑ «NVE Atlas». Vassdrag – Innsjødatabase – Dybdekart. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 13. mai 2023
- ↑ «Vern av drikkevasskjelder og konsesjonar». Ålesund kommune. 24. april 2023. Henta 11. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
endre«Forurensing av drikkevannskilden Brusdalsvatnet». Norges Miljøvernforbund. Henta 11. mai 2023.