Bryan Robson
Bryan Robson (fødd 11. januar 1957) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Chester-le-Street. Han er kjend frå sine 13 sesongar i Manchester United der han vann Cupvinnarcupen 1991, tre FA-cuppokalar og to ligameisterskap. Mellom 1980 og 1991 spelte han 90 landskampar og skåra 26 mål. Robson var ein midtbanespelar med både taklingsstyrke, skotkraft og eit særleg framifrå blikk som spelstyrar.
Robson i 2009 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Bryan Robson | ||
Fødselsdato | 11. januar 1957 (67 år) | ||
Fødestad | Chester-le-Street i England | ||
Høgd | 180 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1975-1981 | West Bromwich | 198 | (40) |
1981-1994 | Manchester United | 345 | (74) |
1994-1997 | Middlesbrough | 28 | (1) |
Totalt | 571 | (115) | |
Landslag | |||
1977-1991 | England | 90 | (26) |
Trenar for | |||
1994-1997 | Middlesbrough (spelar-manager) | ||
1997-2001 | Middlesbrough | ||
2003-2004 | Bradford | ||
2004-2006 | West Bromwich | ||
2007-2008 | Sheffield United | ||
2009-2011 | Thailand | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Landslagsspel
endreRobson debuterte på Englands landslag 6. februar 1991. Sjuande månader seinare spelte han sin tredje landskamp då Noregs mannskap fekk reisepass frå Wembley stadion med tap 0-4 i VM-kvalifiseringa. Nesten på dagen eitt år seinare, 9. september 1981, skåra han sitt fyrste landslagsmål på Ullevål stadion med di han gav England leiinga 1-0. Skåringar av Tom Lund og Hallvar Thoresen snudde kampen til ein overraskande norsk triumf, Robson og lagkameratar som kapteinen Kevin Keegan og Ray Clemence måtte tole «a hell of a beat» (NRK-kommentator Bjørge Lillelien). Robson var sidan fast i den engelske fyrste-ellevaren under EM i fotball 1982, men deltok berre i to kampar i Fotball-VM 1986. I 1988 spelte han alle tre Englands-kampane i europameisterskapen, medan det i Italia-VM 1990 vart einast to kampar på han. Robson opptrådde i Englands-drakta 90. og siste gongen den 16. oktober 1991. Over 12 år skåra han 26 landslagsmål.
Merittar
endre- Engelsk ligameister: 1993 og 1994 med Manchester United FC[1]
- Engelsk cupmeister: 1983, 1985, 1990 og 1994 med Manchester United FC
- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1991 med Manchester United FC
Kjelder
endre- ↑ «Bryan Robson: Overview». Premier League. Henta 17. april 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Bryan Robson» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2018.