Munk
- For fuglen, sjå fuglen munk.
Ein munk (frå gresk monos, «åleine») er ein mann som har gjeve ein lovnad om å vie livet sitt til religionen sin innanfor spesielle rammer. Det finst munkar innan fleire religionar, men uttrykket vert spesielt mykje brukt i kristendommen og buddhismen.
Ordsoge
endreOrdet munk, i den greske forma monakhos, vart opphavleg brukt om kristne eremittar som vigde seg til Gud. Tilsvarande nemning for ei kvinne er nonne.
Levemåte
endreMunkar skal gjennom å følgja ulike levereglar prøva å koma nærare det andelege. Dette kan dei gjera gjennom dagleg bøn eller meditasjon, å gjera gudelege gjerningar, eller ved å leva eit enkelt liv der dei til dømes tigg etter den daglege føda eller dyrkar sin eigen mat.
Fleire munkar kan bu saman i eit kloster. Elles kan munkar bu åleine som eremittar, eller vandra langs vegane, gjerne som tiggarmunkar.
Utsjånad
endreEin munk er gjerne kjenneteikna av spesielle klede, ofte av enkelt snitt og i éin fargetone. Buddhistmunkar ber til dømes ofte oransje eller andre raudleg farga klede. Kristne munkar har ofte svarte, grå eller brune plagg. Den typiske mellomalderlege kjortelen til mange katolske munkar blir kalla munkekutte.
Fjerning av noko hår kan òg vera eit symbol på at ein har vald å leva som ein munk. Buddhistiske munkar kan barbera heile hovudet medan ein del katolske munkar har tonsur.