Bsharri distrikt er ein av sju distrikt (qadaa) i Nord guvernement i Libanon.

Bsharri distrikt
distrikt
Land  Libanon
Guvernement Nord guvernement
Adm. senter Bsharri
Koordinatar 34°15′04″N 36°00′40″E / 34.251062°N 36.010973°E / 34.251062; 36.010973
Areal 158 km²
Folketal 97 000
Folketettleik 614 / km²
Tidssone EST (UTC+2)
Kart
Bsharri distrikt
34°15′04″N 36°00′39″E / 34.251061111111°N 36.010972222222°E / 34.251061111111; 36.010972222222
Plassering i Libanon
Plassering i Libanon
Plassering i Libanon
Wikimedia Commons: Bsharri District

Geografi

endre

Bsharri distrikt er eit fjelldistrikt. Dei fleste av dei 26 landsbyane ligg ei høgd over 1000 meter over havet. Distriktet grensar til Zgharta og Miniyeh-Danniyeh distrikt i nord, Koura distrikt i vest, Baalbek distrikt i aust og Batroun distrikt i sør.

 

Distriktet består av 26 landsbyar. Her ligg nokre viktige landemerke frå tidleg kristendom og maronittisk historie. Distriktet omfattar størsteparten av Kadishadalen, der eremittar har vore busett sidan 600-talet. Det er meir enn 26 kloster i denne dalen, som alle er meir enn 1000 år gamle. Øvst i dalen ligg den sogeomspunne sederskogen Guds seder.

Folkesetnad

endre

Folkesetnaden i distriktet var estimert til 76 831, men folkesetnaden er truleg opp under 100 000.[1] Administrasjonssenter i distriktet er Bsharri.

Bsharri består hovudsakleg av maronittiske katolikkar. Filosofen Khalil Gibran voks opp her før han flytta til USA.

Byar og landsbyar

endre

(ufullstendig)

Kjelder

endre